Praktisk informasjon

Opningstider i barnehagen

Tilvenning og overgangar i barnet sitt liv

I rammeplan av 2017 er det krav om at barnehagen skal gjere det synleg for foreldre og andre korleis vi arbeider med overgangar. 
Plan for overgang heim-barnehage (PDF, 2 MB)
Overgang mellom avdelingar (PDF, 281 kB)

Kva utstyr og klede treng barnet i barnehagen?

Vi har mange barn som nyttar same størrelse i klede i kvar avdeling, det er difor viktig at foreldra merkar klede slik at dei kjem i rett hylle og sekk! Då finn vi rette eigar om vi skulle komme til å legge klede på feil plass.
Utstyrsliste-liste over kle og utstyr barnet treng i barnehagen (PDF, 54 kB)
Utstyrsliste-bilde av kle og sko barnet treng i barnehagen (PDF, 606 kB)

Dagsrytme

Dagsrytmen kan vere litt ulik for dei ulike avdelingane t.d. ute-tid, måltid og bleieskift, den kan og verte endra litt gjennom året, særleg for dei minste gruppene. Det som ligg fast er tid for frukost 07.00 til 09.00 og oppstart av fellesaktivitetar kl. 0930 og stengt kl. 16.45.
Dagsrytme for Langhaugane barnehage (PDF, 352 kB)

Sjuke barn 

Barnehagen tek utgangspunkt i faglege råd frå folkehelseinstituttet, Barnehagar og smittevern.
Rettleiar for barnehagar og smittevern

Enkle hugsereglar: 

  • Ein skal ha vore feberfri i 24 timar før ein kjem i barnehagen
  • Ved diare skal ein ikkje ha hatt utbrot på 48 timar før ein kjem i barnehagen.
  • 1 barn spyr 1 gong utan at ein har andre tilfelle av oppkast i gruppa eller laus mage, då kan ein komme tilbake i barnehagen neste dag. Om avdelinga får meir enn 1 tilfelle av oppkast varslar vi om at det går omgangssykje og 48 timars regel gjeld for å få stoppa sykja. 
  • Allmenntilstanden skal ikkje vere så svekka at ein ikkje har utbytte av barnehageopphaldet. 

Vi praktiserer same reglar for tilsette når dei vert sjuke. 

Bleieslutt 

Å slutte med bleier er ei stor hending i barnet sitt liv. Vi har samla litt informasjon kring bleieslutt som du kan lese her. 
Bleieslutt (PDF, 141 kB)

Leikedag og bok/speledag

I barneråd har ungane utrykt at leikedag/ha med dag er viktig for dei, slik at dei kan vise ein leike, ei bok eller prøve ut eit spel saman med vener i barnehagen. For alle har ikkje lik muligheit til å besøke kvar andre, noko som gjer at vi vil bruke meir tid på dette i våre planar. 

 

Kontakt

Profilbilde av Lena Kristin Slettemark
Lena Kristin Slettemark
Einingsleiar Langhaugane barnehage
E-post
Telefon 95 40 61 09
Mobil 95 40 61 09

Opningstider

07.00–16.45

Adresse

Besøksadresse:
Langhaugane
Dalevegen 19
6847 Vassenden

Postadresse: 
Langhaugane barnehage
Postboks 338
6802 Førde