Haugum barnehage

Velkommen til Haugum barnehage. Vi har stor uteleikeplass og fint  turområde. 

Kontakt oss

  • Telefon 91 59 74 83 
  • Elin Røyseth, einingsleiar 
  • Adresse: Stranda 12, 6809 Førde 
  • Om du skal sende personopplysningar send dei på eDialog
Barn og voksen ute - Klikk for stort bilete

Opningstider 

  • Barnehagen har ope mandag til fredag klokka  07.00–16.30.
  • Vi held stengt julaftan og nyttårsaftan. Onsdag før påske stenger barnehagen klokka 12.00. 

Planleggingsdagar

Ferie

Som hovudregel skal alle barn ha fire veker ferie kvart år. Minimum tre veker skal vere samanhengande innanfor ramma til skulen sin sommarferie – om lag 20. juni til 18. august. Foreldre skal melde frå til styrar om barnet sin ferie innan 1. april.

Barnehagen har normalt sommarope. Etter ei vurdering kan styrar i samarbeid med samarbeidsutvalet stenge barnehagen i inntil tre veker samanhengande dersom tal påmeldte er lågt. Det blir avklart innan 1. mai dersom barnehagen skal ha stengt.

Etter ei vurdering frå styrar i samarbeid med samarbeidsutvalet, kan barnehagen ha stengt i romjula og/eller måndag, tysdag og onsdag i påskeveka, dersom tal påmeldte barn er lågt. Det kan også bli redusert opningstid (jf. Vedtekter for kommunale barnehagar § 14).

Tilvenning i barnehagen

Det er alltid spanande når eit barn skal begynne i barnehagen. I Haugum barnehage lar vi barnet få bruke god tid på å bli kjent og trygg saman med foreldre/føresette. 

Oppseiing eller endra plass

Dersom du ønskjer å seie opp eller endre barnehageplassen, søker du i Visma Foresattportal Sunnfjord kommune, same lenke som der du søkte om plass.

Søk, sei opp eller endre barnehageplass i Sunnfjord kommune

Kontakt

Profilbilde av Elin Røyseth
Elin Røyseth
Einingsleiar
Telefon 57 61 28 41
Mobil 91 59 74 83