Sunnfjord kommune

Praktisk informasjon

Praktisk informasjon

Opningstider

Hatlehaugen barnehage opnar kl. 07.00, og stenger kl. 16.30 (måndag til fredag)

Vi har ope heile sommaren. Borna må ta ut tre veker samanhengande ferie i løpet av sommarne i perioden 1. juni til 1. september. Dei som skal byrje på skule må ta ut ferien før skulestart i midten av august månad.

Barnehagen er stengt jul- og nyttårsaftan.

 

Planleggingsdagar våren 2020 

  • Fredag 31. januar 2020
  • Fredag 22. mai 2020

Dagsrytme

  • 07.00 Barnehagen opnar
  • 07.00 -8.45  Felles frukost
  • 09.00 Leik ute og/eller inne
  • 09.15 Morgonmøte. Utveksling av informasjon om dagen
  • 09.30 Planlagde aktivitetar
  • 11.30 Samlingstund
  • 12.00 Måltid. Lunsj hovudsakleg avdelingsvis
  • 12.30 Kviling/soving
  • 13.30 Leik/bordaktivitet
  • 14.00 Fruktmåltid
  • 14.30 Leik ute/inne
  • 16.30 Barnehagen stenger

NB! Klokkesletta er omtrentlege

 

Tilvenning

Vi sender ut brev med dato for besøk i barnehagen før tilvenning, der vi set opp ein dag der barn og foreldre kan besøke barnehagen. Besøka vert som regel i mai eller juni månad. Vi oppfordra nye barn med foreldre å komme innom på besøk til barnehagen før sjølve startdato i barnehagen, slik at både barnet og foreldra vert gradvis kjend med barnehagen, borna og dei tilsette. Dette kan vere godt for både foreldre og barn sin tryggleik, og kan vere med på å få ei smidigare tilvenning seinare.

Under sjølve tilvenninga i barnehagen vil barna få ein tilknytingsperson som vil følgje opp barnet og foreldra den første tida i barnehagen. I samarbeid med foreldra vil vi vurdere dag for dag korleis  vi vil gjennomføre tilvenninga utifrå kor trygt barnet er. Lengda på tilvenningstida vil variere mykje frå barn til barn, men foreldra bør avsette minimum tre dagar til tilvenning.

I etterkant av tilvenninga har vi startsamtale med dei nye foreldra. Under møtet snakkar vi om tida før barnet byrja i barnehage, korleis tilvenninga var og anna viktig informasjonsformidling omkring barnet og familien. Under startsamtala deltek pedagogisk leiar og styrar.

 

Pris

Betalingssatsane for barnehageplass i Sunnfjord kommune frå 01.01.2020 er følgjande:

  • 100% plass kr. 3135,-
  • 80%   plass kr. 2820,-
  • 60%   plass kr. 2200,-
  • 50%   plass kr. 1890,-
  • 40%   plass kr. 1570,-

Moderasjon for barn 2 er 30%, og moderasjon for barn 3 eller fleire er 50%.

Betalingssatsar for matpengar er følgjande:

  • 100% plass kr. 350,-
  • 80%   plass kr. 280,-
  • 60%   plass kr. 210,-
  • 50%   plass kr. 180,-
  • 40%   plass kr. 150,-

 

Sjukdom

Ved sjukdom følgjer vi Norsk Folkehelseinstitutt sine retningslinjer.

Her finn det retningslinjene ved sjukdom

 

Barn, kle og påkledning

Det er fint om barna har romslege og gode kle til å bevege seg i. Kle som er komfortabelt for barna i leik og aktivitet både ute og inne, og ikkje er til hinder for barn sine bevegelsar.

I tillegg vert barn meir sjølvhjelpte med påkledning når kle er romslege. Kanskje kan de som foreldre vere merksame på at det er lettare for barna å klare påkledinga når det er borrelås på sko og gode strikk i kle, i motsetning til skolisser, knappar, små glidelås og lite elastiske/harde strikk. Kle som har glidelås med godt gripetak er også til stor hjelp for barna.

Vottar og sko må ikkje vere for romslege. Om vottar er for store mister barna mulegheitene til å gripe om bøtter, spader og liknande. Store sko er til hinder for barna i motorisk aktivitet. Medan tronge sko eller sko som er vanskeleg å ta på, og gjer barna mindre sjølvhjelpne.

For personalet i barnehagen er det også godt at barna har romslege kle, borrelås, gode strikk og glidelåsar med godt gripetak. Dette kan vere med på å gjere ein elles travel arbeidsdag litt mindre slitsam, spesielt for slitne vaksne hender.

I tillegg må det nemnast at:

- alle barna skal ha tøflar/innesko som må sitter godt på foten

- barna må ha reserveklede i barnehagen(frå øverst til nedst, frå innerst til ytterst)

- kle og sko må merkast.

- alle barna bør ha med regnklede og støvlar kvar dag

 

Kle barna riktig i vinterkulda

Her finn du tips til korleis kle barnet om vinteren.

I denne lenka finner du tipsa på fleire ulike morsmål.

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Hatlehaugen 1 B
6812 Førde

Postadresse: 
Hatlehaugen barnehage
Postboks 338
6802 Førde