Praktisk informasjon

Opningstider

  • Hatlehaugen barnehage har ope måndag til fredag klokka 07.00–16.30.
  • Vi har ope heile sommaren. Borna må ta ut tre veker samanhengande ferie i løpet av sommaren i perioden 1. juni til 1. september. Dei som skal byrje på skule må ta ut ferien før skulestart i midten av august månad.
  • Barnehagen er stengt jul- og nyttårsaftan.

Planleggingsdagar  2023-2024

  • Fredag 18. august 2023
  • Fredag 3. november 2023
  • Måndag 29. januar 2024
  • Fredag 29. mars 2024
  • Måndag 10. juni 2024

Dagsrytme

  • 07.00 Barnehagen opnar
  • 07.00 -8.45  Felles frukost
  • 09.00 Leik ute og/eller inne
  • 09.00 Morgonmøte. Utveksling av informasjon om dagen
  • 09.30 Planlagde aktivitetar
  • 11.30 Samlingstund
  • 12.00 Måltid. Lunsj hovudsakleg avdelingsvis
  • 12.30 Kviling/soving
  • 13.30 Leik/bordaktivitet
  • 14.00 Fruktmåltid
  • 14.30 Leik ute/inne
  • 16.30 Barnehagen stenger

NB! Vi ynskjer at dei som skal ete frukost i barnehagen må vere komen til kl. 08.00

Tilvenning

Prisar

Sjukdom

Barn, kle og påkledning

Det er fint om barna har romslege og gode kle til å bevege seg i. Kle som er komfortabelt for barna i leik og aktivitet både ute og inne, og ikkje er til hinder for barn sine bevegelsar.

I tillegg vert barn meir sjølvhjelpte med påkledning når kle er romslege. Kanskje kan de som foreldre vere merksame på at det er lettare for barna å klare påkledinga når det er borrelås på sko og gode strikk i kle, i motsetning til skolisser, knappar, små glidelås og lite elastiske/harde strikk. Kle som har glidelås med godt gripetak er også til stor hjelp for barna.

Vottar og sko må ikkje vere for romslege. Om vottar er for store mister barna mulegheitene til å gripe om bøtter, spader og liknande. Store sko er til hinder for barna i motorisk aktivitet. Medan tronge sko eller sko som er vanskeleg å ta på, og gjer barna mindre sjølvhjelpne.

For personalet i barnehagen er det også godt at barna har romslege kle, borrelås, gode strikk og glidelåsar med godt gripetak. Dette kan vere med på å gjere ein elles travel arbeidsdag litt mindre slitsam, spesielt for slitne vaksne hender.

Vi minner om at:

  • alle barna skal ha tøflar/innesko som sitter godt på foten
  • barna må ha reserveklede i barnehagen (frå øverst til nedst, frå innerst til ytterst)
  • kle og sko må merkast
  • alle barna bør ha med regnklede og støvlar kvar dag

Kle barna riktig i vinterkulda

Kontakt

Profilbilde av Anita Bolstad Indrebø
Anita Bolstad Indrebø
Einingsleiar Hatlehaugen barnehage
E-post
Telefon 57 72 58 11
Mobil 48 00 00 66

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Hatlehaugen 1 B
6812 Førde

Postadresse: 
Hatlehaugen barnehage
Postboks 338
6802 Førde