Praktisk informasjon

Informasjonshefte

Før oppstart i barnehagen sender vi ut eit informasjonshefte til nye føresette. Her finn du svar på vanlege spørsmål føresette har omkring oppstart i barnehagen.  

Velkommen til Halbrend Barnehage (PDF, 730 kB)

Opningstider i barnehagen

  • Barnehagen opnar klokka 07.00 og stenger klokka 16.30 (måndag til fredag).
  • Vi har ope heile sommaren, men barna skal ha minst tre veker samanhengande ferie i perioden 1. juni og til 1.sept. 
  • Julafta og nyttårsafta er barnehagen stengt. 
  • Onsdag før skjærtorsdag(påska) er det ope til kl 12.00
  • Vi har fem planleggingsdagar i løpet av året. 
    Sjå oversikt planleggingsdagar i barnehagane i Sunnfjord kommune

Tilvenning i barnehagen

Det er alltid spennande når nye barn skal byrje i barnehagen. Vi ønskjer at dei skal få god tid til å bli kjende og trygge. Dei første dagane er det trygt og godt å ha sine næraste rundt seg. 

Kva utstyr og kle treng barnet i barnehagen?

Barna skal vere kledde slik at dei kan delta i leik og aktivitetar inne og ute. Kleskift, innesko, støvlar og regnkle skal dei ha i barnehagen kvar dag. 

Dagsrytme

  • 07.00: Barnehagen opnar, leik
  • 08.00: Frukost
  • 09.30: Leik/aktivitetar ute eller inne, samlingstund 
  • 11.15/11.30 Lunsj (hovudmåltid)
  • ca 12.00 kvile/sove
  • 12.30: leik/aktivitetar ute eller inne
  • 14.00: frukt/knekkebrød
  • 16.30: Barnehagen stenger

Sjukdom

Gi oss melding før klokka 09.00 om barnet ditt tar fri eller blir vekke på grunn av sjukdom. 

Barn som er sjuke skal ikkje vere i barnehagen, både av omsyn til det sjuke barnet og at det kan smitte dei andre i barnehagen. Ein hovudregel er at barna skal vere friske nok til å vere ute. Dersom barnet har hatt diare/oppkast, skal det vere heime 48 timar etter siste utbrot. Er du i tvil kan du ringe og snakke med oss. 

Kontakt

Profilbilde av Eva Omdal Følling
Eva Omdal Følling
Einingsleiar
Telefon 90 72 36 89
Mobil 90 72 36 89

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Liavegen 37
6814 Førde 

Postadresse: 
Halbrend barnehage
Postboks 338
6802 Førde