Om Bygstad barnehage

NB: Ny søknadsfrist til hovudopptaket for barnehageplass er 1 februar.  Trykk her for informasjon om søknadsprosess. 

Bygstad barnehage

Barnehagen er ein fem avdelings barnehage som ligg i flotte natur omgivnader.
I desember 2017 var det nye tilbygget til barnehagen ferdig. Vi fekk to nye avdelingar, eit større felleskjøkken, ny administrasjon og personalavdeling.
Barnehagen ligg ved sida av Bygstad skule.  

Vi har fokus på

Bygstad barnehage jobbar kvar dag aktivt med relasjonar. Dette arbeidet står sentralt i barnehagen, og det er viktig at barn og vaksne opparbeider gode relasjonar seg imellom. Gode relasjonar fremma eit positivt sjølvbilete, trivsel og læring.
Vi jobbar mot eit godt og trygt arbeidsmiljø for vaksne og barn. 

Visjon

I Bygstad barnehage jobbar vi etter visjonen "Ein trygg stad å vere- saman skal vi lære".
Personalet jobbar målretta og systematisk mot å gi barn ein kjensle av tryggleik i barnehagen. Dette er sentralt for at barn skal trivast, utvikle og skape nye relasjonar når dei er i barnehagen. Barn skal lære, oppleve og prøve ut mykje nytt. Vi vaksne skal vere eit støttande stillas for barna og vere tett på med hjelp, undring, utfordringar og omsorg.  

Uteleik

Barnehagen har eit uteområde for små barn (1-3 år) og eit uteområde store barn (3-6 år). Det er godt for dei minste barna å ha eit uteområde som dei kan leike og utforske i sitt tempo, utan og bli forstyrra av eldre barn. 

Når barna er blitt trygge kan vi opne porten som stenger mellom små- og store barn. 

Barnehagen har ei grillhytte som vi nyttar heile året. Inne i hytta er det ein stor grill med sitteplassar rundt. På vinteren er det godt å varme seg i hytta, lage mat på bålet og drikke varm drikke. 
Det er eit inngjerda område rundt hytta som barna kan bevege seg fritt på. På varme dagar leikar barna med leikebåtar og andre vassaktivitetar i ein bekk som renner like ved gjerdet. 
  

Kontakt

Profilbilde av Anne Jorunn  Fauske
Anne Jorunn Fauske
Einingsleiar i Bygstad barnehage
E-post
Telefon 57 71 85 10
Mobil 97 05 36 54

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Bygstadvegen 762
6977 Bygstad

Postadresse: 
Bygstad barnehage
Postboks 338
6802 Førde