Slik søker du om barnehageplass
- Du søker på same plass for alle barnehagane i Sunnfjord kommune, både kommunale og private.
- Dersom du har vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar kan du laste dei opp i søknadsportalen eller sende dei per post til: Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde.
Søk om barnehageplass i Sunnfjord kommune
Ring 57 72 20 00, eller kontakt barnehagen om du har spørsmål eller treng hjelp til å søke.
Søknadsfrist
- 1. mars er søknadsfristen til hovudopptaket.
Søker du plass utanom hovudopptaket kan du søke heile året. Du står på søkarlista til du får tilbod om barnehageplass, eller sjølv slettar søknaden.
Kor tid får du svar om barnet ditt har fått plass?
Du får svar i løpet av april om du har søkt innan søknadsfristen 1. mars. Søker du etter 1. mars, vil du stå på venteliste og få tildelt plass når barnehagen har ledig. Du takkar ja til tilbodet på same plass som du søkte om plass.
Når har barnet rett til barnehageplass?
- Barnet må vere fylt eitt år innan utgangen av november 2021.
- Det må vere søkt om barnehageplass innan 1. mars 2021.
Dersom barnet ditt får plass, må de vere busette i kommunen når barnet byrjar i barnehagen.
Kva skjer om du ikkje har fått plass i dei barnehagane du har valt?
Du vil få tilbod om plass i ein annan barnehage dersom barnet har rett på plass. Du har då to val:
- Du kan takke ja til plassen og samtidig stå på venteliste til ein annan barnehage.
- Du kan takke nei til plassen og stå på venteliste til ditt første val av barnehage.
Bytte barnehageplass
Du kan søke om bytte til ein annan barnehage. Søker du om bytte vil barnet ditt automatisk få plass i ny barnehage når det blir ledig plass. Ved overgang til ny barnehage blir tidlegare barnehageplass automatisk oppsagt. Hugs at søknad om bytte er bindande.
Oppseiing av barnehageplass
Det er tre månader oppseiingstid, det vil seie oppseiingsmånaden pluss to påfølgande månader. Seier du til dømes opp i løpet av mai, gjeld oppseiinga mai, juni og juli. Seier du opp etter 1. mai, må du likevel betale ut barnehageåret. Ta kontakt med barnehagen om du vi seie opp plassen.
Meir om barnehageopptak
Ja, men det er ikkje sikkert du får tilbod om oppstart når du ønsker. Du vil få tilbod når det er ledig plass til barnet ditt, seinast den månaden barnet har lovfesta rett til plass.
Ja, men då har du ikkje lenger rett til plass. Det kan hende du må vente lenge før du får tilbod om plass.
Dei fleste barn vert prioritert etter alder, og barnehagane prioriterer barn som har søsken i same barnehage. Nokre grupper har prioritet ved opptak i alle barnehagane:
- Barn som har nedsett funksjonsevne.
- Barn som har vedtak etter lov om barneverntenester.
- Alder, eldste barn vert prioritert først.
Dei kommunale barnehagane har vedtekter om opptakskriteria (PDF, 115 kB).
Merk deg at dei private barnehagane har eigne opptakskriteria.
Søker du om prioritering ved opptak må det leggast ved dokumentasjon av nyare dato frå sakkunnig instans som til dømes barnevern, helsestasjon, lege eller PPT. I dokumentasjonen skal det gå klart fram kvifor barnet har særleg behov for barnehageplass.
Ved hovudopptaket kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du fekk vedtaket. Klaga sender du til Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde.
Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal barnet få tilbod om første ledige plass etter at barn med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klageutvalet i kommunen, som er klageinstans. Sjå også Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehagen.