Mål for inkluderande barnehagemiljø

  • Alle barnehagebarn skal oppleve eit trygt og inkluderande barnehagemiljø.
  • Vi skal vere engasjert, inkluderande og nær i vårt arbeid med å skape gode miljø og førebygge krenking.
  • Om barn opplever krenking skal vi kartlegge og setje i verk tiltak.
  • Det skal vere nulltoleranse for krenkingar.

Sunnfjord kommune skal vere ein trygg kommune å vekse opp i. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at alle ikkje har det så bra. For å sikre at alle barn og unge får den hjelpa dei treng, arbeidar tilsette i vår kommune etter BTI-modellen.