I dei aller fleste tilfella skal du melde frå til styrar i barnehagen.
Det er styrar som har ansvar for å følgje opp mistanken om eit utrygt barnehagemiljø og melde frå til barnehageeigar.
Når ein av desse medverkar til eit utrygt barnehagemiljø skal du melde frå til styrar:
- Barn
- Foreldre
- Tilsette i barnehagen
- Andre som er innom barnehagen
Dersom du mistenker at styrar er den krenkar barnet skal du melde frå direkte til barnehageeigar/kommunalsjef. I desse tilfella er det barnehageeigar som har ansvar for å følgje opp saka.