I Sunnfjord kommune samhandlar aktørane etter BTI-modellen. Dettte er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei uro til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.
Foreldre sine oppgåver:
- Hovudansvaret for at sine barn har ein trygg og god oppvekst
- Bidra til å skape god dialog og samhandling med barnehagen
- Ta opp uro rundt eigne barn
Rettar:
- Du skal oppleve at du blir tatt på alvor
- Kreve at barnehagen undersøker dersom du opplever at barnet ditt ikkje har det trygt og godt i barnehagen
- Medverknad/dialog i utforming av tiltak i aktivitetsplanen
- At barnet sitt beste blir vurdert
Klage:
- Aktivitetsplanen er eit formelt vedtak
- Du kan klage på aktivitetsplanen som er utarbeida for ditt barn
- Dersom du klagar på aktivitetsplanen er lokal barnehagemyndigheit klageinnstans
Barn si oppgåve:
- Bidra til eit godt og inkluderande barnehagemijø ut frå barnet sin alder og modning
Rettar:
- Barn skal ha eit godt og inkluderande barnehagemiljø
- Barn skal bli høyrt og kunne sei si meining i saker som gjeld seg sjølv
- Barn skal jamleg få mogelegheit til aktiv deltaking i planlegging og vurdering av barnehagen si verksemd
- Barnet si beste-vurdering skal vere eit grunnleggande omsyn i enkeltsaker
- Vurdere kva som er barnet sitt beste i saka
- Vekte omsynet til barnet sitt beste opp mot andre omsyn i saka
- Barnet sitt beste skal vere dokumentert i aktivitetsplanen
- Barnet sine synspunkter skal tilleggast vekt i samsvar med sin alder og modning
Kommunedirektøren sine oppgåve:
- Kommunedirektøren er barnehageeigar og har det overordna ansvaret for at kommunen har gode tenester
- Skal sjå til at kommunen følgjer regelverk og eigne system som er utarbeida i kommunen
- Kommunedirektøren fastsett gjennom retningslinjer og delegasjon kven som har ansvaret for oppfølging og gjennomføring
Barnehagemyndigheita sine oppgåve:
- Kommunen er lokal barnehagemyndigheit
- Rolla til barnehagemyndigheit er å rettleie og sjå til at barnehageeigar følgjer lovverket
- Skal sikre likebehandling av kommunale- og private barnehageeigarar
- Barnehagemyndigheit kan gjennomføre både planlagte og hendingsbaserte tilsyn
- Er klageinnstans i saker som gjeld barnehagemiljø
Leiinga sine oppgåve:
- Ansvar for at alle barn i barnehagen har eit godt og inkluderande barnehagemiljø
- Ansvar for at barnehagen har gode rutinar og system for å arbeide førebyggande
- Ansvar for at barnehagen har gode rutinar og system for aktivitetsplikta
- Dialog med foreldre
- Følge opp saker som blir meldt inn
- Melde i frå til barnehageeigar i alvorlege tilfeller
Tilsette i barnehagen sine oppgåve:
- Skape eit trygt og inkluderande barnehagemiljø for alle barna
- Melde frå til leiinga i barnehagen dersom ein har mistanke eller oppdagar krenking
- Følgje med på korleis alle barna har det
- Gripe inn dersom barn blir utsett for krenking
-
Oppgåva til andre aktørar:
- Melde frå til leiinga i barnehagen dersom dei oppdagar krenking, hendingar eller er uroa for eit barn
Andre aktørar kan vere:
- Tilsette frå helsestasjonen
- Reinhaldar
- Vaktmeister
- Tilsette i PPT
- Tilsette i barnevern
Sist endra 10.07.2023 10.04