Kva er krenking?

I barnehagelova er utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering ulike former for krenkingar.

Krenkingav barn er handlingar frå vaksne og/eller barn som hindrar opplevinga av å høyre til, å vera ein meiningsfull person i fellesskapet og moglegheita til medverknad.

Utestenging

Ein kan forstå utestenging av barn som å ta i frå eit barn sin mogelegheit til å delta i ein bestemt situasjon eller aktivitet, noko som kan føre til ei kjensle av avvising og ekskludering frå jevnaldrande eller vaksne. Dette kan til dømes skje når eit barn midlertidig eller permanent blir nekta adgang til fysiske områder eller ein aktivitet/leik.

Mobbing

Mobbing av barn er handlingar frå vaksne og/eller barn som hindrar

  • opplevinga av å høyre til
  • opplevinga av å vere ein betydningsfull person i fellesskapet
  • mogelegheit til medverknad 

Mobbing kan komme til utrykk gjennom at barn/vaksne med vilje skadar, plagar, truar eller utestengjer eit anna barn. Mobbing kan foregå fysisk, psykisk eller på andre måtar, og det kan føre til at offeret får det vanskeleg både på kort og lang sikt. 

Vald

Vald kan vere når eit barn utfører handlingar som skader eller truar ein annan person, til dømes ved å slå, sparke, bite eller dytte. Vald kan også vere verbalt, som å true eller skremme ein annan person med ord eller kroppsspråk. I barnehagealder kan vald vere eit uttrykk for barns frustrasjon, mangel på språk eller evne til å handtere konfliktar på ein annan måte. 

Diskriminering

Når det gjeld barn i barnehage, kan diskriminering vere når ein eller fleire barn systematisk behandlar eit anna barn dårlegare på grunn av faktorar som kjønn, etnisitet, religion eller funksjonsevne. Dette kan inkludere å ignorere barnet, utestenge det frå leik eller aktivitetar, håne det eller utsetje det for rasistiske, sexistiske eller andre diskriminerande kommentarar.

Trakassering

Trakassering kan vere når eit barn systematisk og gjentatte gonger utsetjer eit anna barn for uønska merksemd eller behandling, som kan føre til at barnet blir utestengd, ignorert eller på annan måte skada. Dette kan inkludere handlingar som å øydeleggje eigedelar, spreie rykter, latterleggjere eller utsetje barnet for fysisk eller verbal vald.

Læringsmiljøsenteret om mobbeåtferd i barnehagen