Samarbeid med heimen og foreldre si rolle

Vi skal saman med foreldre skape gode barnehagemiljø.  Dette gjer vi ved å førebygge, stoppe og følgje opp krenking og mobbing.

Foreldre kan bidra til eit trygt og godt barnehagemiljø ved å: 

  • helse på kvarandre ved levering og henting
  • bli kjende med dei andre foreldra i barnehagen
  • snakke positivt om barnehagen, barn, foreldre og tilsette
  • snakke med barna om korleis det er greitt å vere med og mot andre 
  • legge til rette for vennskap, og vere inkluderande i måten vi inviterer på. Til dømes ved å 
    • å inviterer alle gutar eller jenter i årskullet på avdelinga når ein inviterer til årsdag
    • invitere barn med heim eller ut på leikeplassen
    • invitere med barn frå avdelinga som ein har mindre kontakt med
  • snakke med barna om korleis dei har det
  • melde frå til barnehagen om du ser teikn på utestenging, krenking og mobbing 

 

Barnehagen har hovedansvaret for å skape eit godt grunnlag for samarbeidet og gjer dette ved å: 

  • møte alle foreldre på ein positiv måte
  • jobbe for å skape ein god relasjon til alle foreldre
  • lytte til innspel og tilbakemeldingar frå foreldre med åpenheit og forståing
  • handtere og følgje opp tilbakemeldingar om mobbing og krenkingar i samsvar med kap 8 i barnehagelova, og Sunnfjord kommune sine rutiner for miljøsaker 
  • samarbeide med samarbeidsutvalet for å skape nettverk der alle foreldre på avdelinga blir inkluderte og kjende med kvarandre

 

Melde i frå om krenking