Avkøyrsle frå offentleg veg

Skal du lage ny, utvide eller endre avkøyrsle frå offentleg veg må du søke om løyve.

Dersom du skal lage ny, utvide eller endre avkøyrsle som går til offentleg veg må du søke om løyve etter veglova § 40.  Med avkøyrsle er det her meint forbinding mellom byggetomt/eigedom og offentleg veg. Dette gjeld og der private vegar møter offentleg veg.

Har du spørsmål om avkøyrsle send gjerne ein førespurnad til byggesak@sunnfjord.kommune.no

Kva er søknadspliktig

Dersom det skal bli gjort tiltak som endrar forholda til avkøyrsla må du sende inn søknad for godkjenning. Det kan vere fysisk endring eller endra bruk. Dersom opparbeiding av avkøyrsla er ein del av ei større byggesak treng du ikkje søke spesielt om løyve så lenge vegen er kommunal. Vi kan då handsame det samstundes med byggesaka.

Eksempel der du må søke om særskild løyve med eigen søknad:

  • Etablering av ny avkøyrsle
  • Flytting av eksisterande avkøyrsle
  • Endring av eksisterande avkøyrsle
  • Etablering av ein eller fleire bueiningar som skal bruke eksisterande avkøyrsle (utvida bruk).

Korleis søke

For å søke om ny eller utvida bruk av avkøyrsle skal du bruke elektronisk skjema. Du søker gjennom nettsider til Statens vegvesen. Søknaden vil då bli sendt til kommunen, fylkeskommunen eller vegvesen etter kven som er vegeigar og vegmynde til å handsame søknaden.

Sjå Statens vegvesen sine nettsider om avkøyrsle


Kva skal søknaden innehalde

Sjå liste under for kva søknad om avkøyrsle skal innehalde for at vi skal handsame den. Krav til innhald i søknad kan og avhenge av kva type veg og område den ligg i.

Krav til utforming av avkøyrsle frå kommunal veg

Ei kvar avkøyrsle bidreg til auka fare i trafikken. Vi ynskjer difor å avgrense tal avkøyrsler, og stiller krav til utforming av dei for å ivareta trafikktryggleiken.

Avkøyrsle i samband med garasje og carport

  • Dersom garasje eller carport blir plassert med innkøyring vinkelrett på vegen er det krav om minimum 5 meter avstand frå garasjeport/opning til vegkanten.
  • Dersom garasje eller carport blir plassert med innkøyring parallelt med vegen er det sett krav om minimum 1,5 meter avstand frå bygningen til eigedomsgrensa mot veg. Vi gjer merksam på at reguleringsplanar kan ha strengare krav til avstand mot veg.

Pris for handsaming av avkøyrsle

Etablering av ny avkøyrsle i samband med byggesøknad som garasje, hus og liknande, vil ikkje i seg sjølv utløyse gebyr. Dersom det vert søkt om endring/flytting av eksisterande avkøyrsle som eigen søknad vil det bli gebyrlagt i samsvar med prisboka til kommunen.

Avkøyrsle i strid med regelverket

Dersom avkøyrsla blir bygd eller nytta i strid med løyve og krav til utforming, kan kommunen gje pålegg om at avkøyrsla skal bli stengt, endra eller flytta på den ansvarlege sin kostnad etter veglova § 42.