Eit innbyggarforslag gir Sunnfjord kommune sine innbyggarar høve til å få kommunestyret til å behandle politiske saker dei er opptekne av.
Slik sender du inn eit innbyggarforslag:
- Skriv tydelig kva forslaget handlar om. I løpet av samme valperiode kan ikkje det same forslaget bli behandla meir enn éin gong.
- Skaff minst 300 underskrifter frå personar som støttar forslaget. Underskriftene må innehalde fullt namn og adresse. Adressene må bekrefte at alle som har signert bur i Sunnfjord kommune. Manglar adressene kan forslaget bli avvist.
- Du kan bruke nettportalen minsak.no til å foreslå saker og samle underskrifter.
- Når du har fått nok underskrifter sender du underskriftslistene saman med forslaget til Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde.
Skriv eit brev eller ein e-post
Om du eller ei gruppe/foreining du representerer har synspunkt på ei sak som skal behandlast av eit politisk utval kan du sende brev eller e-post. Vi vil sørge for å sende meldinga til rett politisk utval.
Postadresse
Politisk sekreteriat
Postboks 338
6802 Førde
E-post
politikk@sunnfjord.kommune.no