Slik kan du påvirke politisk

Om du er oppteken av ei politisk sak kan du fremme eit innbyggarforslag. 

Innbyggarforslag

Eit innbyggarforslag gir Sunnfjord kommune sine innbyggarar høve til å få kommunestyret til å behandle politiske saker dei er opptekne av. 

Slik sender du inn eit innbyggarforslag:

  • Skriv tydelig kva forslaget handlar om. I løpet av samme valperiode kan ikkje det same forslaget bli behandla meir enn éin gong. 
  • Skaff minst 300 underskrifter frå personar som støttar forslaget. Underskriftene må innehalde fullt namn og adresse. Adressene må bekrefte at alle som har signert bur i Sunnfjord kommune. Manglar adressene kan forslaget bli avvist.
  • Du kan bruke nettportalen minsak.no til å foreslå saker og samle underskrifter. 
  • Når du har fått nok underskrifter sender du underskriftslistene saman med forslaget til Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde.

Sjå regjeringa sin rettleiar 


Gi innspel til sak på høyring

Kommunen sender planar og andre viktige saker på høyring for å få innspel frå innbyggarar eller relevante organisasjonar. 

Sjå planar som er på høyring  

 

Skriv eit brev eller ein e-post

Om du eller ei gruppe/foreining du representerer har synspunkt på ei sak som skal behandlast av eit politisk utval kan du sende brev eller e-post. Vi vil sørge for å sende meldinga til rett politisk utval.  

Postadresse

Politisk sekreteriat
Postboks 338
6802 Førde

E-post

politikk@sunnfjord.kommune.no 

Kontakt

Politisk sekreteriat
E-post
Telefon 57 72 20 00