Ungdomsrådet

Ungdomsrådet er eit rådgjevende organ for kommunen som uttaler seg i saker som er særleg viktige for ungdom. l

 Ungdomsrådet har medlemmer frå alle skulane med ungdomstrinn og Førde vidaregåande skule. I tillegg kan organisasjonar som representerer ungdom melde inn kandidatar. 

Ungdomsrådet skal ha ei aktiv og sjølvstendig rolle ved å:

  • arbeide for ungdom sine interesser og tale deira sak i Sunnfjord kommune 
  • gi uttale i saker som er viktige for ungdom
  • bidra til meir samfunnsengasjement, medverknad og deltaking blant ungdom
  • vere eit debattforum for ungdom

På ungdomsrådet sin møteplan finn du oversikt over medlemmer og saksdokument til ungdomsrådet:

Ungdomsrådet sin møteplan 

Utdeling av ungdomsrådsmidlar 

Ungdomsrådet ønsker å auke aktiviteten og trivselen for barn og unge i Sunnfjord kommune. Det er enkelt å søke om støtte frå Ungdomsrådet som gagnar barn og unge. 

Ungdomsrådet får 100 000 kroner i årsbudsjettet som blir delt ut i mai og november. 

Her finn du meir informasjon og kan søke om støtte frå ungdomsrådet. 

 

Meld inn ei sak til ungdomsrådet

Ungdomsrådet ønsker innspel frå ungdommer i kommunen til open post som dei kan ta opp og diskutere i møte. Skjemaet som du sender inn bli sletta etter at leiaren har vurdert om innspelet skal bli tatt opp i ungdomsrådet.

 

Ungdomsrådet sin handlingsplan 

Våren 2024 lagde ungdomsrådet ein handlingsplan 2024–2027, med fem satsingsområde: 

  • Gode møteplassar for ungdom
  • Ein god skulekvardag
  • Eit godt transporttilbod
  • Kjekke fritidsaktivitetar 
  • Styrke ungdomsmedverknad 

Kvart satsingsområde har tiltak som ungdomsrådet skal jobbe for. 

 

 

Bilde av medlemmene og varamedlemmene i ungdomsrådet. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune