Utstyr og bruk av møterom

Lån av nettbrett

Faste medlemmer i kommunestyret, utval, råd og nemnder får eit nettbrett til utlån for å utføre vervet som folkevald.  De får også ei kommunal e-postadresse. Dette gjeld også første varamedlem i kommunestyret for dei ulike partia. 

Når ein folkevald trer ut frå vervet, pliktar du å levere inn eller kjøpe nettbrettet til privat bruk. 

Samtykke for kontaktinformasjon

Folkevalde bør ha ei e-postadresse på nettsida slik at innbyggarar og andre aktørar som ønsker det kan kome i kontakt med dykk.  Folkevalde skal fylle ut samtykkeskjema og velje kva kontaktinformasjon som skal ligge på nettsida. 

Samtykkeskjema for folkevalde 

Bruk av møterom på rådhuset 

Medlemmene i kommunestyret får nøkkelbrikke for å delta på gruppemøte på Rådhuset, for førebuing til møte i folkevalde organ i Sunnfjord kommune.

Bruk av møterom på Rådhuset til andre politiske møte

 Møte i partiorganisasjonen på både på lokalt, regionalt eller nasjonalt nivå skal betale leige. Det blir rekna som eksterne møte og blir likebehandla med andre lag og organisasjonar. Døme på dette er nominasjonsmøte eller styremøte i lokallaget, opne politiske møte, årsmøte og liknande. 

Då gjeld dei generelle utleigereglane for Rådhuset så langt dei høver: Informasjon om prisar og generelle utleigereglar.