Leige av møterom på Rådhuset

Sunnfjord kommune leiger ut møterom på rådhuset til eksterne verksemder, lag og organisasjonar. 

Kven kan leige møterom?

  • Vi leiger ut møterom til eksterne verksemder, lag og organisasjonar. Med eksterne meiner vi verksemder, lag og organisasjonar, herunder interkommunale verksemder/aksjeselskap, som ikkje inngår i den interne kommunale drifta og heller ikkje er leigetakarar frå før.
  • Faste leigetakarar i Sunnfjord rådhus betaler ikkje for leige av møterom (Sekom/ Vestland revisjon/Landbrukstenester/Utdanningsforbundet)
  • Møte i dei politiske kommunestyregruppene i Sunnfjord kommune vert rekna som ein del av den kommunale drifta og skal derfor ikkje betale leige for møterom. Kvar partigruppe får inntil to nøkkelbrikker til Rådhuset.
  • Møte i politiske parti på både på lokalt, regionalt eller nasjonalt nivå skal betale leige. Døme på dette er nominasjonsmøte i MDG Vestland eller styremøte i Sunnfjord Arbeiderparti.
  • Vi leiger ikkje ut lokale til sosiale arrangement som barnedåp, konfirmasjonar, bryllaup eller åremålsdagar m.v.
  • Eksterne bestillingar skjer via e-post eller telefon, sjå punktet "Bestille/avbestille møterom" nedanfor.

Møterom og prisar

Oversikt over lokale som kan leigast
Lokale Utstyr for teamsmøte Tal personar
Møterom Sunnfjord 440 - kommunestyresalen 70
Møterom Jølstra 441 - kurslokale X 50
Møterom Steinkorsen 438 X 20
Møterom Haukedalen 447 20
Møterom Angedalen 448 X 9

Vi leiger ikkje ut kantina.

 

Utleigeprisar

Reglar for utleige

  1. Møteromma kan leigast alle dagar i tidsrommet klokka 07.00 – 24.00.
  2. Leigetakar kan nytte eksisterande AV-utstyr og nett-tilgang i møteromma.
  3. Møteromma har standard oppsett med bord og stolar. Leigetakar kan endre på dette etter behov, men rommet skal ryddast tilbake til standard oppsett etter bruk.
  4. Møterommet skal vere ryddig etter bruk, boss skal kastast i avfallsbehaldarar.
  5. Leigetakar får ikkje tilgang til kjøkken og kaffimaskinene. Mat og drikke må eventuelt leverast av eksterne firma eller takast med av møtearrangøren. Kantina sitt servise kan nyttast, men må samlast saman og setjast på ryddestasjon etter bruk. Ved leige innanfor kantina sine opningstider, kan mat og drikke bestillast i kantina via eige bestillingsskjema.
    Møtematbestilling - Rådhuskantina
  6. Leigetakar hentar ut nøkkel på tenestetorget i Førde innan klokka 15.00 på kvardagar.
  7. Leigetakar får utlevert branninstruks ved henting av nøkkel og pliktar å sette seg inn i og følgje denne.
  8. Nøkkel og branninstruks skal leverast tilbake på tenestetorget i Førde snarast mogleg og seinast 2 dagar etter utleige. (Kan leggast i Sunnfjord kommune sin postkasse utanfor rådhuset)
  9. Ved utleige utanom opningstida og i helgar skal inngangen mot Fokusgården eller trappetilkomsten til kantina i 4. etasje nyttast.

Bestille/avbestille møterom

Kontakt Tenestetorget på tlf 57 72 20 00 eller e-post: postmottak@sunnfjord.kommune.no for å bestille/avbestille møterom.

Ved førespurnad om leige av møterom skal følgjande opplysningar vere med:

  • Namn på leigetakar
  • Namn på kontaktperson, e-postadresse og telefonnumer
  • Namn på ansvarleg arrangør (skal vere tilstades under heile arrangementet)
  • Møterom ein vil leige
  • Dato og klokkeslett
  • Fakturaadresse

Vi må bekrefte førespurnaden via telefon eller e-post til kontaktperson før leigeavtalen er i orden.