Korleis søke i innsyn

Her får du oversikt over ulike måtar du kan få innsyn i kommuneverksemda på. Du finn også informasjon om kvar du finn meir informasjon om retten til innsyn etter offentleglova.

Postliste og innsyn

I innsynsløysinga finn ein oversikt over post til og frå kommunen. Her kan pressa og publikum enkelt følgje med i saker som blir behandla av kommunen og bestille innsyn.

Av omsyn til kvalitetskontroll blir dokumenta publisert med 2 - 3 dagars forseinking.

Dokument som ikkje er skjerma i samsvar med offentleglova kan lesast i fulltekst direkte på innsyn..

Dokument med personleg innhald som til dømes elev og personal er ikkje med på postlistene som er publisert på internett. 

Slik finn du fram i innsyn

Her finn du vår innsynsløysing 

  • Bruk søkefeltet oppe til å søke etter tittel på sak eller dokument.
  • Bruk filtreringsfeltet på sida til å velje dato eller periode. 
  • Du kan også filtrere på kva type dokument du vil sjå.  Inngåande og utgåande dokument er post til og frå kommunen.
  • Det er også mogleg å filtrere på kva type sak du vil sjå. 

 

Her finn du oversikt over polittiske møter og saksdokument

  • Du får først ein oversikt over dei kommande møte. 
  • I søkefeltet på sida kan du søke etter møte, råd eller utval. 
  • Bruk filteringsfeltet på sida til å filtrere på det råd og utval du vil ha oversikt over. 
  • I filtreringsfeltet kan du velje dato eller periode.  
  • I oppføringa for eit råd og utval vil du finne både møteinnkalling, saksdokument og ein oversikt over medlemmar. Møteprotokoll blir også lagt i samme mappe.