Prosjektrapport om organisering av Sunnfjord kommune - høyring

Til tilsette i Sunnfjord kommune. 

Ei arbeidsgruppe har sett på organiseringa av Sunnfjord kommune.  Kommunen er no inne i sitt sjette år, og det har ikkje vore vesentlege endringar i organisasjonen sidan 2020 – då kommunen vart stifta.  Det er mitt syn at den på fleire område speglar strukturen i dei fire tidlegare kommunane, meir enn ein fem år gamal ny og samanslått ein.

Arbeidsgruppa foreslår omfattande endringar i organisasjonen.  Det gjeld for kommuneleiinga, stabs- og støttefunksjonar så vel som einingar.

No sender eg rapport om organisering ut på høyring.  Eg ønskjer innspel til det arbeidsgruppa foreslår.  Det er arbeidsgruppa sin rapport, slik den vart levert meg, som vert høyringsdokument.  Eg har ikkje gjort endringar i høve det dokumentet eg mottok.

Eg oppmodar einingsleiarar til å gjennomføre høyringsmøte med sine tilsette og at einingsleiar sender inn eit samordna innspel frå eininga.  Det er også høve til å sende inn individuelle innspel.

I innspela ønskjer eg de har fokus på sektor og einingsvis organisering.

Når vi har mottatt høyringsinnspela, vil eg saman med kommunedirektøren si leiargruppe gå gjennom rapporten og høyringsinnspela.  Deretter vil vi saman kome fram til ei tilråding om framtidige endringar.  Det er kommunedirektøren som til sjuande og sist vil kome med ei tilråding.  Den tilrådinga vil vere grunnlaget for drøftingar med dei tilsette sine organisasjonar.  Etter drøftingane tek kommunedirektøren si avgjerd om organisasjonsendringane.

Det er meininga at dei fleste av endringane skal skje med verknad frå 1. januar 2026.  Noko vil likevel vere naudsynt å utgreie vidare .

 


Send innspel innan 1. september 2025

Elektronisk skjema

 

Terje Heggheim
Kommunedirektør