Spelereglar for brann og redningSpelereglane er gjeldande for alle tilsette i brann og redning i Sunnfjord kommune.1. Alle skal behandle kvarandre med gjensidig respekt også når vi er usamde, gjeld både leiing og mannskap, både i direkte dialog og i omtale av andre.Vi skal avstå frå negativ omtale, nedlatande karakteristikkar, baksnakking, utskjelling/ verbale angrep mv. Vi skal skilje mellom sak og person. Leiinga skal vere rollemodellar. 2. Vi har nulltoleranse for mobbing, trakassering, vald, trugslar og annan utilbørleg åtferd.3. Eininga skal vere prega av openheit og god informasjonsflyt. Leiinga skal informere dei tilsette løpande.Som tilsett kan ein likevel ikkje vente at all informasjon tilflyt alle umiddelbart. Det den enkelte sitt ansvar å halde seg oppdatert på informasjon som blir gitt i nyheitsbrev, på nettsida mv. 4. Leiinga har eit særskilt ansvar for arbeidsmiljøet, men eit godt arbeidsmiljø skapar vi i fellesskap. Hugs at den enkelte sitt bidrag er viktig, du har både ansvar og mogelegheit til å bidra positivt til arbeidsmiljøet! Tilsette har medverknadsplikt, jf. arbeidsmiljølova § 2-3: «Arbeidstaker skal delta i det organiserte verne- og miljøarbeidet i virksomheten og skal aktivt medvirke ved gjennomføring av de tiltak som blir satt i verk for å skape et godt og sikkert arbeidsmiljø».5. Tillit skal byggjast over tid.Leiinga er innforstått med at det vil ta tid å etablere gjensidig tillit.Mannskapa skal likevel føle seg trygge på at leiinga sitt mål er å ta avgjerder til det beste for heile Sunnfjord brann og redning. 6. Det skal vere stor takhøgde i eininga, og rom for å kome med innspel. Gi og ta i mot innspel og tilbakemeldingar på ein konstruktiv måte.Alle innspel skal takast på alvor. At eit innspel ikkje fører fram, betyr ikkje at det ikkje er vurdert. Mange forhold i eininga er avhengig av økonomiske løyvingar mv. som ligg utanfor einingsleiinga sin kontroll. 7. Vi skal bygge eit lag – Vi er EIN.Engasjert – Inkluderande – Nær (Sunnfjord kommune sine verdiar). Vi er ei eining, sjølv om stasjonsstrukturen gjer at ein naturleg får eit sterkare forhold til sin stasjon.Vi skal ha tiltru til kvarandre sin kompetanse, og vere opne for at vi kan lære av andre og ha gjensidig utbytte av auka dialog og samhandling. Sist endra 20.09.2024 15.20