Visjon og verdiarSunnfjord kommune er ein ny kommune, og ønsker å bruke visjon og verdiar som gode verktøy for å sjå heile den nye kommune som ein heilskap. Visjonen og verdiane hjelper oss i å gå i same retning og i å prioritere. Visjonen peikar framover, og gjev retning, men den fungerer også kvar dag. Visjon: Saman blir vi drivande gode Verdiar: Vi er EIN Engasjert Ein engasjert kommune er ein kommune som til ei kvar tid veit at dei jobbar for innbyggarane. Kommunen bryr seg om menneske, bygg, natur og kommunen si framtid, er handlekraftige og har god driv framover. Den engasjerte kommunen er bygd på kompetente, kunnskapsrike og framtidsretta menneske, som vil kommunen sitt beste, og som står på for å hjelpe og yte service. Inkluderande Ein inkluderande kommune er ein raus og open kommune med tilsette som møter alle med respekt. Kommunen ser alle, og søker å møte alle sine behov på ein open og imøtekommande måte. Kommunen er samlande for alle som arbeider der. Nær Ein nær kommune er ein kommune du har tillit til. Ein nær kommune kjenner innbyggarane sine og tar dei på alvor. Innbyggarane kjenner seg trygge i møte med kommunen, og dei veit at dei som arbeider der er til å stole på. I kommunen jobbar ein tett med kvarandre – og tett på innbyggarane. Sist endra 29.01.2025 11.02