Vurdering om framtidig kjøkkentenesteI møte 20. mai fekk formannskapet og utvalet for helse og omsorg ei orientering frå HRP konsulent Margrethe Otterholt Lillebø om vurdering av korleis Sunnfjord kommune bør organisere kjøkkentenesta i åra framover. Bakgrunn Kommunen arbeider med omstilling og meir berekraftig økonomi. Kjøkkentenesta er peika ut som eit område der det kan vere behov for endring. Målet med utgreiinga er å få betre kunnskap om dagens drift og moglegheiter framover.Kjøkkentenesta lagar i dag mat til fleire hundre brukarar kvar dag, både i institusjonar og til heimebuande, og er ein viktig del av helse- og omsorgstilbodet. Dagens organiseringI dag er det eitt kjøkken på kvart omsorgssenter som både lagar mat til bebuarane og til heimebuande som får matlevering.Gjennomgangen viser at tenesta er fagleg sterk, men at dagens desentraliserte modell – med fleire mindre kjøkken – har fleire utfordringar:Lite effektiv ressursbruk: Produksjonen er spreidd, og kapasiteten blir ikkje utnytta godt nok. Det gir høgare kostnader per måltid.Auka behov for bemanning: Dersom kommunen held fram som i dag, vil behovet for årsverk auke kraftig fram mot 2035 (ca. 35) og 2050 (ca. 52).Gamle lokale og utstyr: Fleire kjøkken har slitasje og manglar kapasitet, og vil krevje investeringar for å møte krav til mattryggleik.Sårbar drift: Tenesta er avhengig av mange tilsette og dagleg produksjon, og fleire stader er avhengige av frivillige til transport.Logistikk og transport: Mykje tid går til pakking, frakt av mat og oppvask, noko som bind opp ressursar og kan gi risiko for smitte.Ulikt tilbod: Kvalitet og tilbod varierer mellom omsorgssentera, mellom anna når det gjeld spesialkost og tilpassing til den enkelte brukar.Konsulenten vurderer at desse utfordringane i stor grad er strukturelle, og at dei vil bli større om kommunen ikkje gjer endringar.Tilrådd løysingKonsulenten tilrår ein kombinasjonsmodell for matproduksjonen.Utvikle eksisterande kjøkken ved Førde omsorgssenter for produksjon av middag og lunsj til alle omsorgssenter, dagsenter og bemanna omsorgsbustader.Overgang til kok-kjøl som hovudmodell for bebuarar og heimebuande.Kvart omsorgssenter skal ha ein matansvarleg som sikrar at omsorgssentera framleis kan stå for oppvarming, servering og måltidsoppleving lokalt.Samarbeid med Førde sentralsjukehus som blir hovudleverandør av spesialkost og mat til heimebuande.Målet er ei meir framtidsretta teneste som gir betre kvalitet, er mindre sårbar og brukar ressursane meir effektivt. Det blir òg eit likt tilbod for alle brukarane.Sjå PDF-presentasjonen som var vist i formannskapet Sjå opptak frå KommuneTV frå presentasjonen Vidare arbeidDette er ei vurdering frå ein ekstern konsulent, og endeleg rapport skal bli ferdigstilt denne veka. Kommunedirektøren vil deretter gå gjennom tilrådingane og kome med si eiga vurdering før saka blir lagt fram for politisk behandling. Sist endra 27.05.2026 13.18