Vis omsyn til viltet, hald hunden i bandHjort Pexels - Marek Piwnicki Vinteren er ei særleg krevjande tid for viltet. Snø og kulde gjer det energikrevjande å finne mat og forflytte seg.Vis difor omsyn til viltet når du ferdast ute. Hald hunden din i band, dersom du ikkje klarar å kontrollere hunden. Hund kan berre vere laus dersom den anten er forsvarleg innegjerda, eller dersom den vert kontrollert på aktsom måte. Hundar skal alltid haldast under slikt tilsyn, at dei hindrast i å drive eller forfylgje viltet. Du kan lese meir om dette i hundelova. Sist endra 03.10.2024 08.09