Landskap og miljø ved Astruptunet
Astruptunet ligg i ei nordvend fjellside som heller bratt ned mot Jølstravatnet. Landskapet er fuktig og frodig i form av hyller og smale terrassar. Menneskeskapte spor i form av gamle hus, oppmurte terrengformer, stiar og vegar, slyngar seg oppover i terrenget mellom oppdyrka nytte- og prydhagar. Heile området inneheld av sjeldne landskapstypar av nasjonal verdi. Anlegget er sårbart for ytre påverknad, både i form av visuelle forstyrringar og fysisk slitasje.
Klimatiske tilpasninger og landskapsdesign
Klimaet i den nordvend skråninga mot Jølstravatnet kan vere utfordrande, men med nøye utforma uterom og presist plasserte bygningsvolum kan ein skape eit betre lokalklima. Platåa er særleg eigna tiltak sidan dei gir forbetra solforhold og rom for vegetasjon som gir skjerma forhold gjennom alle årstider. Dei som dyrkar i bratt terreng, veit at arrondering av jorda og optimalisering av sollyset er viktig for vekst. Det terrasserte landskapet medverkar til at sola treff dyrkingsnivåa og magasinerer varme. Vegetasjon dempar utstråling av varme og held temperaturen høgare og fuktigare mot bakken. Vi har nytta desse prinsippa i utforminga av landskapet rundt visningssenteret og sørga for at bygg og terreng saman dannar lokale klimasoner som legg til rette for ein artsrik vegetasjon og attraktive opphaldssoner.
Gjenoppretting av naturmangfold
Naturmangfald i området er unikt. Sidan barskogen på tomta og på oversida av tilkomstvegen no er hogge, ønsker vi å gjenskape det naturlege landskapsbiletet med revegetering av opne bjørke- og blandingsskogar, frodige sjikt med lav undervegetasjon og eit artsrikt beitelandskap.
Restaurering og utvikling av grøne område
Vi ønsker å bruke kunnskap frå restaureringa av hagen på Astruptunet til etableringa av det nye visningssenteret, både med etableringsmetodar, komposisjonar og planteval. I området nær bygningen ønsker vi å etablere pryd- og nytteplanter med direkte referanse til Nikolai Astrups hage- og sjølvbergingkultur. Vi ønsker at besøkande skal oppleve den tydinga natur- og kulturplanter har hatt for Astrup sitt liv og kunstnarlege verksemd.
På same måte som i tunet, ønsker vi å etablere ein gradvis overgang frå husa til landskapet. Langs bygningskroppen og på taka blir det planta frodige prydvekstar, medan det litt lenger ut i landskapet kjem nyttevekstar med grønsakar, bærbusker og frukttre som krev mindre vedlikehald. Overgangen mellom hagane og landskapet bør i framtida omdannast til eit kulturlandskap med beiting, skjøtta eng med open lauvskog. Alle stiar får tilsvarende grus som brukt i Astruptunet, men dimensjonert og detaljert for å ivareta universell tilgjengelegheit.
Berekraftig design og minimalt fotavtrykk
Prosjektet gir lite fotavtrykk og areala det er bygd på er i stor grad dekte av landskap og grønstruktur. Vi vil sikre gode jorddjupnar for å skape gode vekstvilkår for plantar og eit rikt mikroliv som bidrar til eit mest mogleg regenerativt økosystem.
sett frå stien frå nedsida