Vil du vere besøksheim? Pexels- Hannah Nelson Har du husrom og hjarterom til å ta imot barn/ungdom éi eller fleire helger i månaden?Sunnfjord kommune treng fleire besøksheimarVi du bidra med ein trygg og hyggeleg stad der barna kan vere ein del av familielivet? Barneverntenesta i Sunnfjord kommune har mange tiltak for barn og ungdom, og eitt av dei er besøksheimar. Nokre barn som bur heime hos foreldrene sine treng ein ekstra heim som dei kan besøke jamleg. Ein trygg og hyggeleg stadVi søker etter familiar/par/einslege med og utan barn, eller besteforeldre som kan ha besøk av eitt eller to barn éi eller fleire helger i månaden. Besøksheimen skal ikkje erstatte barnet sin heim, men vere eit avbrekk for eit barn eller ungdom som er i ein krevjande livssituasjon. Ein besøksheim er ein heilt vanleg heim. Det blir ikkje stilt krav om utdanning for å bli besøksheim. Det vert lagt større vekt på at ein er personleg eigna. Kven er besøksbarna?Barna kan ha nytte av å vere saman med andre familiar. For mange av barna er det behov for å oppleve andre rammer med fleire trygge vaksne som bryr seg om dei. Kontakten med dei vaksne har som mål å gje barna overskot, lærdom, stimulans, glede og tryggheit. Alderen på besøksbarna er frå 0 til 18 år.Sjå video om kva ein besøksheim er Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Godtgjersle for besøksheimDu får løn for oppdraget etter KS (kommunesektorens organisasjon) sine satsar. Besøksheimen hentar vanlegvis barnet/barna fredag ettermiddag og leverer dei heim søndag ettermiddag. Du får køyregodtgjersle etter gjeldande satsar. Arbeidsgodtgjersle er skattepliktig.Ønsker du å vere besøksheim?Ta gjerne kontakt med Teamleiar oppfølgingsteam Nina Bjørvik for meir informasjon: 90 83 97 22 Sist endra 29.09.2025 08.48