Vi styrkar helse og omsorg med digitalisering og nye løysingar

Sunnfjord kommune tek nye steg inn i framtida. Gjennom arbeidet med Plan for kvalitet og kapasitet i helse og omsorg blir det mellom anna arbeida med digitalisering og innovasjon. Målet er å skape tryggare, meir moderne og meir tilgjengelege tenester – både for dei som bur i kommunen, og dei som jobbar i tenestene.

Digitalisering som løfter både kvalitet og arbeidskvardag

I delprosjekt 4 av planen blir det sett fokus på korleis teknologi kan bidra til eit meir effektivt og samanhengande helse‑ og omsorgstilbod. Arbeidet omfattar ei rekke digitale tiltak som skal:

  • forenkle arbeidskvardagen for dei tilsette
  • betre samhandling mellom ulike einingar og fagmiljø
  • styrkje pasienttryggleiken
  • gi innbyggarane enklare og meir tilgjengelege tenester


Dette er steg som skal sikre at helse‑ og omsorgstenestene står godt rusta for framtidas behov.

Ny og framtidsretta TV- og internettløysing for omsorgssentra

Eit konkret arbeid som no pågår, er gjennomgangen av TV‑ og internettløysingane ved omsorgssentra i kommunen. Løysingane varierer i dag, og målet er å finne eit felles system som gir bebuarane stabil tilgang, betre kvalitet og meir driftssikre tenester. Ei slik løysing vil både forenkle administrasjonen og gi bebuarane ein trygg og moderne kvardagsteknologi.​

Smartare ressursbruk i helse og omsorg

Sunnfjord kommune er i ei utvikling der vi må bruke ressursane våre på ein meir berekraftig måte. Behovet for helse- og omsorgstenester vil auke dei neste åra, samtidig som det blir færre folk til å utføre oppgåvene. Difor må vi sjå nøye på korleis vi brukar kompetansen til fagfolka våre i dag – og korleis vi kan bruke han betre.

Målet er ikkje at tilsette skal jobbe fortare. Når vi snakkar om å jobbe meir effektivt, meiner vi at arbeidet skal vere tryggare, meir målretta og betre organisert. Vi må bruke tida smartare.

For å få dette til, må vi ta i bruk teknologi og arbeidsmåtar som frigjer helsepersonell frå oppgåver som ikkje krev fagleg vurdering eller fysisk tilstadeværelse. Det betyr at dei tilsette i større grad kan bruke kompetansen sin på det dei er utdanna til: faglege vurderingar, omsorg, behandling og oppfølging av innbyggjarane.

Samtidig kan fleire av dei enklare og meir rutineprega oppgåvene løysast digitalt, automatiserast eller flyttast til andre støttefunksjonar. Dette frigjer tid og gjer det lettare å gi gode og stabile tenester – både no og i framtida.

Eit moderne EPJ som nøkkel til betre tenester

I denne utviklinga spelar digitalisering ei heilt sentral rolle. Kommunen arbeider no med å anskaffe eit nytt elektronisk pasientjournalsystem (EPJ), som skal bli ein del av ei større digital plattform for helse- og omsorgstenestene. 

Eit moderne EPJ er ikkje berre eit teknisk system, men ein nøkkelkomponent for trygg, effektiv og heilskapleg helsehjelp. Det legg grunnlaget for betre informasjonsflyt, mindre dobbeltarbeid og meir tid nær pasienten. Samstundes er det avgjerande for å kunne utvikle tenestene vidare og sikre at kommunen står godt rusta i møte med framtidas behov.

Ei nødvendig og viktig utvikling

Å jobbe smartare er ikkje berre eit ønske – det er eit nødvendig grep for å ta vare på både innbyggjarane og dei som arbeider i helse- og omsorgstenestene. Sunnfjord kommune vil og må bruke fagfolka sine klokt og strategisk. Ved å kombinere kompetanse, teknologi og gode arbeidsprosessar kan vi skape ei teneste som er berekraftig, trygg og tilpassa framtida.

  • støtta framtidas arbeidsprosessar
  • gjere dokumentasjon enklare og meir presis
  • leggje til rette for betre samhandling på tvers av tenester

Teknologi som gir betre tenester – og meir tid til fag

Digitaliseringa handlar ikkje berre om utstyr og datasystem. Det handlar om å utvikle nye arbeidsmåtar som frigjer tid, gir betre oversikt og skapar høgare kvalitet i møte med brukarane. For dei tilsette betyr dette mindre tid på manuelle rutinar og meir tid til det som betyr mest: fagleg arbeid og menneskelege møte.

Ei digital framtid i sikte

Med denne satsinga tek Sunnfjord kommune tydelege steg inn i ei meir innovativ og framtidsretta helseteneste. Arbeidet vil halde fram, og kommunen vil løpande informere om nye tiltak og framdrift.

Sunnfjord kommune er på veg inn i ei ny digital framtid – til beste for både innbyggarar og tilsette.