Sunnfjord kommune søker etter ny kommunedirektør som ønsker å utvikle kommunen for framtida.
Kommunestyret vedtok i mars følgande prosess for tilsejing av ny kommunedirektør:
- Kommunestyret opprettar eit tilsetjingsutval som får i mandat å førebu tilsetjing av ny kommunedirektør i Sunnfjord kommune.
- Tilsetjingsutvalet får slik samansetting: ordførar (leiar), varaordførar (nestleiar), gruppeleiar i Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre og 2 representantar frå dei tilsette.
- Tilsetjingsutvalet får mandat til å fastsette framdriftsplan, premissar og praktisk prosess for rekruttering av ny kommunedirektør. Utvalet får fullmakt til å lyse ut stillinga, vurdere søkarane og innstille kandidat til kommunestyret for tilsetjing.
- Tilsetjingsutvalet får fullmakt til å nytte ekstern bistand.
Kommunestyret vedtok i juni at rekrutteringsbyrået Capus skal bistå kommunen i arbeidet med å tilsette ny kommunedirektør. Stillinga er no utlyst, og har søknadsfrist 15. september.
Sjå utlysingsteksten
Sist endra 20.08.2026 13.15