Vi ønsker innspel til aktuelle sti-prosjekt til «Eg gjekk ein tur på stien»Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har i samarbeid med DNT Sogn og Fjordane tatt initiativ til prosjektet ‘Eg gjekk ein tur på stien’. Hovudmålet er å legge til rette for utvikling av turruter i Sogn og Fjordane, og dermed sikre eit attraktivt tilbod til befolkninga med omsyn til folkehelse, livskvalitet og bulyst med fokus på berekraft og friluftsliv for alle.Midlane i prosjektet er øyremerka lokale prosjektgrupper beståande av lokallag i DNT Sogn og Fjordane, representantar frå kommunane og aktuelle lag- og organisasjonar. Kvar kommune kan søkje om et grunnbeløp på 500.000 kr. Beløpet kan fordelast over fleire år og fleire stiprosjekt. Midlar frå Sparebankstiftinga kan ikkje fullfinansiere prosjekta, det er eit krav at den lokale prosjektgruppe stiller med egne midlar og/eller andre gåvemidlar. Prosjekta bør kvalifisere til spelemiddelsordninga. Dugnad kan utgjere ein del av finansieringa med ein timepris på: 435 kr. Prosjektet vektlegger lokale prosjekt som utløyser dugnad/frivillig innsats.Sunnfjord kommune vurdera å søke midlar gjennom prosjektet, dersom det kjem inn aktuelle sti prosjekt frå lag- og organisasjonar.Vilkår for at Sunnfjord kommune tek på seg ansvar som søkar og prosjektansvarleg er:Det må føreligge skriftleg avtale med grunneigaraneProsjektet kvalifisere til spelemiddelsordningaProsjektet er i nærleik til tettstad eller bustadområdeLag- og organisasjon som gjer innspel må ta på seg ansvar for dugnad og vedlikehaldsansvar i minimum 10 årProsjektet må vera fullfinansiert (spelemidlar, prosjektmidlar, dugnad og andre midlar)Ingen lysanlegg knytt til prosjektetFøresetnad om at det er tilgang til tilfredsstillande infrastruktur (parkeringsplass og liknande).Gje innspel til prosjekt innan 20. august 2025 Send innspelLes meir om prosjektet på DNT Sogn og Fjordane sine sider Sist endra 26.06.2025 14.40