Sunnfjord kommune

Vi legg om Koronatestinga i kommunen til primært å bli utført ved sjølvtest

Vi legg om Koronatestinga i kommunen til primært å bli utført ved sjølvtest

Kart som viser ny teststasjon - Klikk for stort bileteKart som viser ny teststasjonVi nyttar  sjølvtestar som vert levert ut på test-stasjonen ved legevakta på sjukehuset og på legekontora på Sande, Skei og Naustdal.

Informasjon om koronatesting - hurtigtest

Det vert levert ut 2 testar saman med enkel rettleiing og instruksjon. Hurtigtestar skal berre leverast ut til personer som har behov for test grunna nyoppståtte symptom.  PCR-test (djup nase og/eller munnprøve) nyttast i forbindelse med verifisering av positiv hurtigtest og ved reiser der ankomstland krev PCR-test.

Flytting av teststasjonen ved Førde sentralsjukehus

På grunn av byggearbeid ved Førde sentralsjukehus vert Covid-19-teststasjonen og dermed også utlevering av hurtigtestar flytta frå parkeringsplassen mot krysset i Vievegen til under gangbrua mellom Svana- og Hildrabygget. Innkøyring skjer frå Vievegen ved Høgskulen på Vestlandet og mot hovudinngongen til legevakta og sjukehuset. Vegen er einvegskøyrt, følg difor skilting. Flyttinga skjer frå 10. november 2021. 

Kart som viser teststasjonen

Utlevering av hurtigtest og taking av PCR

Hurtigtestane vert levert ut på test-stasjonen ved legevakta på sjukehuset i tidsrommet: 
08.00—09.00 og 13.30—14.30  kvar dag.

Bestill henting av hurtigtest på teststasjonen 

For å bestille henting av hurtigtest og PCR test - klikk her


Det vert og levert ut ved legekontora på Sande, Skei og Naustdal i opningstida: 08.00—15.30.
Ring det aktuelle  legekontoret for å avtale henting.

  • Skei legesenter -  57 72 62 50
  • Naustdal legesenter -  57 81 60 20
  • Sande legesenter  - 57 71 82 40

NB – er du så sjuk at du har behov for å komme til lege ber vi deg kontakte eige fastlegekontor i opningstida. Utanom vanleg opningstid skal du ringe 116 117.

FHI-Råd som gjeld ved nyoppståtte luftvegssymptom