Koronatesting i kommunen vert primært utført ved sjølvtest

Hurtigtestar blir utlevert på ulike utleveringspunkt i kommunen. Du kan hente hurtigtest på Naustdal og Skei tenestetorg, Førdehuset, Viksdalen barnehage og Vevring skule og barnehage.  Du kan hente hurtigtestar på Naustdal, Sande og Skei legekontor i ordinær opningstid.

Informasjon om koronatesting 

Befolkninga er no godt vaksinert. Barn og unge toler covid-infeksjon som ein annan influensa/forkjølelses-infeksjon. Omicron-varianten gjev mild sjukdom for dei fleste. Det er mindre behov no for særskilte smitteverntiltak, enn tidlegare. 

For personer som har høg risiko for alvorleg covid-sjukdom gjeld eigne tilrådingar om å teste seg dagleg i 4 dagar ved nyoppståtte luftvegssymptom. Dersom positiv test tilrådast det å kontakte lege for å vurdere resept på Paxlovid. Dette gjeld

  • Alle over 80 år
  • Dei over 65 år som har ein eller fleire alvorlege sjukdomar
  • Dei som har særleg alvorlege risiko (diagnostisert immunsvikt, organtransplanterte, aktiv kreftbehandling)

 

For resten av befolkninga gjeld dei same råda som før:

  • Du treng ikkje teste deg for korona, sjølv om du har symptom.
  • Er du sjuk med luftvegssymptom, bør du halde deg heime til du føler deg frisk.
  • Dersom du tek ein koronatest, bør du framleis halde deg heime så lenge du er sjuk. Dette gjeld uansett om testen er negativ eller positiv.
  • Du treng ikkje registrere positiv sjølvtest.
  • Er du så sjuk at du treng legetilsyn, kan legen ta ein koronatest av deg.
  • Meir informasjon finn du på sida: Tiltak som er iverksett av kommunen 

 

Utlevering av hurtigtestar ved tenestetorga skjer i ordinær opningstid

Sjå opningstider for Naustdal og Skei tenestetorg

Utlevering av hurtigtestar ved legekontor

Du kan hente hurtigtestar på Naustdal, Sande og Skei legekontor i ordinær opningstid.

Opningstider for utlevering av hurtigtest i Førdehuset          

  • Tysdag:   15.00 – 21.00         
  • Onsdag:  15.00 – 21.00           
  • Torsdag:  15.00 – 21.00         
  • Fredag:    15.00 – 21.00         
  • Laurdag:  12.00 – 18.00         
  • Søndag:   14.00 – 21.00   

Desse stadane har også hurtigtestar til utlevering:

  • Spar Bygstad
  • Joker Viksdalen 10.00–18.00, (Laurdag 10.00–16.00)
  • Viksdalen barnehage 07.00–16.30
  • Vevring skule og barnehage: mandag til fredag 07.00–16.30

​Du kan hente hurtigtest på legevakta når andre hentestader er stengde.

NB – er du så sjuk at du har behov for å komme til lege ber vi deg kontakte eige fastlegekontor i opningstida. Utanom vanleg opningstid skal du ringe 116 117.

Informasjon om bruk av hurtigtest

Slik brukar du hurtigtest (PDF, 550 kB)

FHI tilrår at vaksne tek hurtigtest både i hals og nase. Barn skal fortsatt berre ta i nase. Ta helst testen om morgonen før du har spist/drukke, alternativt vent minimum 30 minutt frå siste inntak av mat/drikke. Ta test med same pinne: først i halsen, så i nasen. Er testen negativ og du har nyoppståtte symptom, kan du ta ny test etter 2 døgn. 

Du treng ikkje registrere positiv hurtigtest

Meir informasjon finn du på Helsenorge - Testing og symptom 

PCR-test i samband med reiser

Du bestiller slik test på flyplassen eller ved grenseovergangar.  

Den kommunale teststasjonen er avvikla

Det er det ikkje lenger eit offentleg test-tilbod i kommunen utover sjølvtesting.