Vi lanserer vår nye innbyggarapp

Innbyggarappen gjer det enklare for deg å finne og motta informasjon frå Sunnfjord kommune både som innbyggar og besøkande.  I kalenderen vil du også få ein oversikt over det som skjer i kommunen.

Ein felles oversikt over tilbod

Innbyggarappen er ein ny kommunikasjonskanal som gir deg betre oversikt over tilbod og aktivitetar i Sunnfjord. Du får ikkje berre informasjon frå Sunnfjord kommune, men også frå aktørar, foreiningar og klubbar i lokalmiljøet vårt. 

 

  • Last ned appen

    1. Søk opp Innbyggerappen i App-store og GooglePlay og last ned (på telefonen eller nettbrett, ikkje pc)
    2. Vel Sunnfjord kommune
  • App utsnitt Innocode. - Klikk for stort bilete

Lett tilgang til informasjon

Via appen vil Sunnfjord kommune gi viktig informasjon til innbyggarane.  Kommunen kan sende deg ei push-melding direkte i appen om vitkige hendingar i kommunen.

Du styrer innhaldet

Innbyggarappen er personalisert. Det betyr at du sjølv kan velje kva du vil ha informasjon om. Innhald og varslar blir skreddarsydd til dine interesser.