Vi har fått byutviklingsmidlar frå fylkeskommunenSunnfjord rådhus Jose Hevia Sunnfjord kommune har fått 370 000 kroner til byutvikling i Førde sentrum. Sunnfjord kommune ein av sju kommunar som får tilskot Sunnfjord kommune er ein av sju kommunar i Vestland fylke som får tilskot til stadutvikling. Tilskotet på 370 000 kroner skal brukast til etablering av eit mellombels, aktivt byrom i Førde sentrum gjennom medverknad/ involvering av ei rekke aktørar. I denne runden løyver fylkeskommunen 2,2 millionar kroner til utvikling av levande byar og tettstadar. Alle kommunar i fylket kan søke om støtte til stadutvikling, neste frist er 15. september. Les meir på Vestland fylkeskommune sine nettsider Sist endra 07.02.2025 13.44