Om Vevringutstillinga
Vevringutstillinga oppstod i 1979, etter initiativ av Sarah og Gerd Thingnes, som sa «Vi har ikkje tid til å reise ut i verda, vi må hente verda hit!». Og kvar haust sidan har det vorte arrangert utstilling i Vevring. Vevringutstillinga samlar heile bygda for å arrangere ei helg med kunst og kultur i samspel med naturen. Heile bygda stiller opp, og fleire generasjonar har vakse opp med denne årlege hendinga. Utstillinga er driven utelukkande på dugnad, og eventuelt overskot går til å sikre komande arrangement.
Vevringsutstillinga har utvikla seg til ei profesjonell og internasjonalt kjend samtidsutstilling som har engasjert over 300 kunstnarar frå heile verda, mellom anna Britt Smelvær, Bård Breivik, Klaes Hake, Peter Lundeberg, Ludvig Eikås, Nina Malterud, Rita Marhaug og Kjartan Slettemark.
Vevringutstillinga har òg knytta andre kulturuttrykk til arrangementet, som lokal matkultur og musikkopplevingar gjennom konsertar og andre arrangement. Mellom artistane som publikum har kunna oppleve i samband med Vevringutstillinga er Mari Boine, Gjøran Fristorp, Anneli Drecker, Anne Grete Preus, Kari Bremnes, Ytre Suløens Jazz-ensemble, Thea Hjelmeland og fleire.
Det er ei stor bragd å etablere og halde gåande ei utstilling av internasjonalt format i ei lita bygd som Vevring. Utan dei utrøyttelege eldsjene bak utstillinga, som òg innehar stor kunstfagleg kompetanse og nettverk, ville ikkje Vevringutstillinga verken ha oppstått eller halde det gåande i meir enn 40 år. Kvaliteten Vevringutstillinga byr på, gjer at publikum både frå fjern og nær gjestar utstillinga, og den er ein populær utstillingsstad for mange kunstnarar, både norske og utanlandske.
Den offisielle overrekkinga av prisen skjer under kommunestyremøtet 10. desember.