Veteranplan for Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommunestyre vedtok i dag 13.12.24 veteranplan for Sunnfjord kommune. 

Ein veteran er ein som har delteke i ein eller fleire internasjonale operasjonar/tenester. Nordmenn har ofte tenestegjort i krevjande og farlege situasjonar. Dei skal anerkjennast for den jobben dei har gjort. For nokre kan tenesta gje både fysiske og psykiske skadar. I ytterste konsekvens kan tenesta føre til tap av liv.

Sunnfjord kommune er den største veterankommunen i gamle Sogn og Fjordane, og bør derfor ta eit regionalt ansvar. I regjeringa sin oppfølgingsplan «I teneste for Norge» (2014) vert kommunane oppmoda om å utvikle kommunale planar for å sikre Norges veteranar frå internasjonale operasjonar/tenester eit best mogeleg tilpassa tenestetilbod. 
 

Vedteken veteranplan for Sunnfjord kommune