Vedlikeholdsarbeid på Bjørndalsneset bru, fv. 5690På sørsida av Jølstravatnet, fv. 5690 Bjørndalsneset bru skal det føregå vedlikehaldsarbeid i perioden frå veke 44 eller 45 og ca. 6 veker fram i tid. Brua på Bjørndalsneset skal forsterkast med nye kantdragarar i betong, samt at det vil bli nytt rekkverk på brua og i forlenging av bru. I tillegg vil det bli ny asfalt på brua og nokre meter ut frå bru i begge retningar. Vegbreidden i dag er 5,17 meter. Etter at arbeidet er ferdig vil brua få ei vegbreidde på 5,55 meter.Under arbeidet vil vi ta sikte på å holde vegen open, men det vil bli innsnevring av vegbana over brua då vi treng litt plass for å gjere jobben. Vestland fylkeskommune Vestland fylkeskommune Roger Nedrehagenbyggeleiar bruvedlikehaldvedlikehald, drift og beredskapinfrastruktur og veg Sist endra 15.10.2025 14.50