Vassenden skule – raskaste bedriftslag!

Vassenden sitt lag på årets Helse Førde Stafetten overraska både seg sjølv og andre lag dag. Raskaste bedriftslag og av alle bedriftslag og 1. premie og nummer 4 totalt! 

Sterk prestasjon av eit svært variert samansett lag!

Glade personer i treningstøy - Klikk for stort bilete

 

Desse sprang etappane: 

  1.  Ståle Fossheim 
  2. Håkon Mallasvik 
  3. Linn Nesje Bakke 
  4. Emil Kjempenes 
  5. Rektor Anne Cecilie Kapstad 
  6. Arild Øygard 
Glade personer i treningstøy - Klikk for stort bilete

 

 

Glade personer i treningstøy - Klikk for stort bilete

Som de ser er her tilsette som både er rustne veteranar, hobbymosjonistar, fotballspelarar, medlem av elitelaget til Jølster Friidrett, fjell- og toppturentusiastar. Ein far, ei småbarnsmor og ei bestemor holdt koken saman med dei yngste, som tok i det lille ekstra for laget sitt. 

 

Laget representerte skulen vår med mangfald og breidde, som til saman vart dagens beste bedrift.

Her er samla resultatliste over alle lag

Glade personer i treningstøy - Klikk for stort bilete