Kort om planarbeidet
Bakgrunn og formål:
Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for betre framkome for kollektivtrafikk,og gode løysingar for gåande og syklande i Storehagen - ei sentral gate i Førde sentrum. Planen skal òg leggje til rette for ny kollektivterminal.
Planområdet strekkjer seg frå Naustdalsvegen (Rv. 5) i vest, langs Fv. 601 Storehagen, til krysset mellom Angedalsvegen og Prestebøen i aust. Areal på nord- og sørsida av Fv. 601 inngår i planområdet, som i nord strekkjer seg opp til Gåsøyra. Naboar/grunneigarar og sentrale høyringspartar vert varsla direkte.
Ope møte
Vestland fylkeskommune arrangerer ope møte 9. september.
Tid: 17:00 til 19:00
Stad: Rådhuset i Førde – 4. høgde, Hafstadvegen 42.
Grunneigarar og andre interesserte er velkomne til å delta. Representantar frå Vestland fylkeskommune og Sunnfjord kommune vil orientere om planarbeidet og prosjektet, og kan svare på spørsmål.
Varsla plangrense ved oppstart
Planen vil erstatte heilt eller delvis følgjande planar:
- Lindbøen (Plan ID: 143220050002)
- Storehagen - Naustdalsvegen - Carport for buss (Plan ID: 143220050009)
- Handelshuset 1 (Plan ID: 20200007)
- Sunnfjord hotell (Plan ID: 20200028)
- Meieritomta (Plan ID: 143220080004)
- Storhagen, gbnr. 21/200 m.fl. (Plan ID: 143220080003)
- Detaljreguleringsplan for Angedalsvegen 6 mfl. (Plan ID: 20200003)
Sjå viktige dokument i saka
Sjå varslingsdokumenta på nettsidene til Vestland fylkeskommune
Nedst på sida til fylkeskommunen finn du:
- Planinitiativet frå Vestland fylkeskommune
- Plangrense
- Vurdering av konsekvensutgreiing
- Referat frå oppstartsmøte 19.05.2026
- Moglegheitsstudie Forprosjekt Storehagen (VLFK)
- Moglegheitsstudie Storehagen og Elvetorget (DRMA)
Sei di meining innan 1. oktober 2026
Planarbeidet startar opp i august 2026, og innbyggjarar og andre interessentar er inviterte til å komme med innspel, tankar og idear knytt til planprosjektet. Her er det også mogleg å teikne på kartet og legge ved filer.
Første innspelsperiode: 20. august–1. oktober 2026
Andre innspelsperiode: 1. oktober fram til offentleg høyring for eit planutkast
Innspel som kjem inn innan 1. oktober blir kommenterte før dei blir lagt ved utkastet til planen. Innspel og relevant informasjon som kjem inn i "Innbyggardialog" etter 1. oktober blir ikkje behandla som ein merknad med svar, men vil også bli lagt ved planforslaget til første gangs behandling og blir vurderte i planprosessen.
Slik sender du innspel eller spørsmål
Send innspel eller spørsmål gjennom Innbyggardialogen til Vestland fylkeskommune.
Gje innspel til planarbeidet til fv. 601 Førde sentrum
Dersom du ønsker kan du og sende formelle merknadar til planarbeidet som post eller e-post. Merk då med saksnr. 2025/51511 - Fv. 601 Storehagen – Angedalsvegen
- Brev: Vestland fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger
- Epost: post@vlfk.no
Ved spørsmål, ta kontakt:
Kari Seim , planprosjektleiar i Vestland fylkeskommune,
Tlf. 952 24 707, e-post til Seim
Julie Daling, byplanleggar i Sunnfjord kommune,
Tlf. 576 12 721, e-post til Daling