Vallokale og opningstider på valdagen

På valdagen, 8. september, kan du berre stemme i kommunen du er manntalsført i.  Bruk stemmeretten din, det er viktig for demokratiet. 

Vallokale og opningstider 

Du kan velje fritt blant valloka i Sunnfjord kommune, og må ikkje stemme i lokalet som står oppført i informasjonen du har fått frå valdirektoratet. 

Vallokale og opningstider
StemmekrinsStemmelokaleOpningstid
FørdeFørdehuset, idrettshallenkl. 09.00–21.00
SandeSande kyrkjelydshuskl. 12.00–20.00
BygstadBygstad skule, gymsalkl. 12.00–20.00
SkeiSkei tenestetorgkl. 12.00–20.00
VassendenVassenden ungdomsskule, gymsalkl. 12.00–20.00
NaustdalNaustdal skule, kulturhuskl. 12.00–20.00
ViksdalenViksdalen skule, gymsalkl. 13.00–19.00
Holsen og HaukedalenHolsen skule, gymsalkl. 13.00–19.00

Finn vallokale på kart og sjå informasjon om universell utforming på valglokaler.no: Valglokaler på valgdagen - Valgdirektoratet

Hugs legitimasjon

Hugs å ta med deg legitimasjon (t.d. pass, førarkort (også digitalt), nasjonalt ID-kort, eller bankkort med bilete). Minstekrav for legitimasjon: Fullt namn, fødselsdato og ansiktsfoto.  

Stemme utanfor vallokalet

Veljarar som ikkje kjem seg inn i vallokalet, skal få stemme rett utanfor. 

Om du treng å stemme utanfor vallokalet, må du ringe: 

  •  kl. 08.00–15.15: Sentralborder, 577 22 000
  • kl. 15.15–21.00: Valadministrasjonen, 97153502


De bør ta kontakt så tidleg som mogleg, for å sikre å rekke det innanfor vallokalet si opningstid. 

Oppteljing 

Oppteljinga av førehandsstemmer og valtingsstemmer er offentleg. Vi startar første manuelle oppteljing av førehandsstemmene i Førdehuset kl. 10.00. Deretter blir dei talde ein andre gong med scanner. 

Den første oppteljinga av stemmene avgitt på valdagen blir gjort i kvart vallokale. Den startar når vallokalet stenger. Det vil henge ein plakat ved inngangen med mobilnummer til kontaktperson for å kome inn. Derreter blir stemmene frakta til Førdehuset for andre oppteling med scanner. 

Valstyret i Sunnfjord ønsker alle eit godt val!