Utvida opningstider for førehandsrøysting

Denne veka er det utvida opningstid for førehandsrøysting ved tenestorga. 

 

Førde tenestetorg, rådhuset

  • Kl. 08.00–17.00 måndag til onsdag, 1.–3. september
  • Kl. 08.00–18.00 torsdag og fredag, 4. og 5. september 

Skei tenestetorg, Sande kommunehus og Naustdal helsesenter (bygg K)

  • Kl. 09.00–15.00 måndag til onsdag, 1.–3. september
  • Kl. 09.00–17.00 torsdag og fredag, 4. og 5. september

Hugs legitimasjon

Du må ta med legitimasjon med fullt namn, fødselsdato og bilete, til dømes førarkort, bankkort eller pass. Du treng ikkje å ta med valkort, men det vil gå raskere dersom du har det med.  

Stemme på valdagen

Valdagen er 8. september, då må du stemme i kommunen du var folkeregistrert som busett i den 30. juni 2025. Dersom du ikkje har høve til å stemme i den folkeregistrerte kommunen din, så kan du førehandsstemme. Det må då skje i løp av denne veka.