Utlysing kontraktar vintervedlikehald for Sunnfjord kommune

Kontraktar på brøyting og strøing for vintersesongane 2026/2027–2028/2029 (+ 2 år opsjon) er no lyst ut. Kommunen oppmodar både gamle og nye interessentar til å levere tilbod.

Aktuelle tilbydarar kan finna konkurransedokument og meir informasjon i EU-supply eventuelt via Doffin eller TED.

EU-supply  Doffin 

Det blir arrangert eit informasjonsmøte på rådhuset i Førde tirsdag 14. april 2026 kl. 16:00.  

I møtet vil vi orientere om bruk av det elektroniske konkurranseverktøyet i CTM EU-supply, og vi vil orientere om ESPD (det europeiske eigenerklæringsskjemaet), i tillegg til at vi kjem inn på skilnaden mellom kvalifikasjonskrav og tildelingskriterium. Føremålet er å legge betre til rette for at tilbydarar som ikkje er van med å levere elektroniske tilbod skal kunne delta i konkurransen.  

Du kan òg vere med i møtet digitalt gjennom Teams.

Viktige datoar:

  • Informasjonsmøte: Tirsdag 14.april 2026, kl. 16:00 i 4. etasje på rådhuset
  • Frist for levering av tilbod: 11. mai 2026 kl. 12:00


Tilbod skal leverast elektronisk via KGV-systemet. Alle spørsmål må bli stilt i KGV-system EU-supply.