Om prosjektet
Nasjonalt postvegprosjekt skal bidra til større merksemd og bruk av Den trondhjemske postvei, og leggje til rette for å utvikle nye aktivitetar med utgangspunkt i lokale strekningar og kulturmiljøet rundt. Prosjektet er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal, Trøndelag og Vestland fylkeskommunar og Statens vegvesen. I tillegg er samarbeid med postvegkommunar, ulike verksemder, frivillige lag og organisasjonar m.fl. viktig. Nasjonalt postvegprosjekt mottek støtte frå Riksantikvaren sitt verdiskapingsprogram.
Hovudmålet er å blåse liv i postvegen som nasjonalt kulturmiljø, og utvikle postvegen med og for lokalsamfunn langs vegen. Prosjektet skal mobilisere lokale aktørar til bevaring og utvikling, samtidig som lokalsamfunna langs postvegen får meirverdien av denne satsinga. Samskaping skal bidra til å fremme aktivitetar som samsvarar med lokale behov og utviklingsstrategiar. Det betyr at lokalsamfunna sjølv bestemmer korleis dei ønsker å utvikle sitt postvegstrekk, og sjølv deltek i arbeidet og gjennomføringa.
Søknadsfrist
- Søknadsfrist : 10. juni 2025
Alle søknadar skal sendast på elektronisk skjema til Trøndelag fylkeskommune. Dei blir fordelte på dei respektive fylka når søknadsfristen er ute.
Søknadsskjema
Kven kan søke?
Kommunar, museum, frivillige lag og organisasjonar, offentlege og private verksemder og privatpersonar kan søke om tilskot.
Kva kan det søkast om?
Midlar til verdiskaping
Aktivitetar som bidreg til lokal verdiskaping med utgangspunkt i postvegen som kulturmiljø. Dette kan til dømes vere ulike typar arrangement, småskala næringsutvikling, og aktivitetar som er knytt til mat og reiseliv.
Du kan lese meir om verdiskaping på riksantikvaren.no
- Midlar til skjøtsel
Skjøtsel er alle typar tiltak som har som mål å sikre, istandsetje, restaurere og bevare postvegen som kulturminne. - Midlar til skilting
Skilting av eit av strekka langs postvegen. Søknaden må vise kor skiltet/skilta er tenkt oppført og litt om kva ein ønsker å formidle. Forslaget må vere forankra i skiltmalen som Statens vegvesen har utvikla for postvegprosjektet. Ta kontakt med Statens vegvesen for meir informasjon.
Krav til søknaden
- Skildring av tiltaket
- Foto, kostnadsoverslag og framdriftsplan. Vi ber også om at de seier noko om eigeninnsats (t.d. dugnad) og eventuelt andre finansieringskjelder.
- Kontonummer for eventuell utbetaling av tilskot.
- E-post og mobilnummer til kontaktperson.
- Viktig: For at søknaden skal bli vurdert må ein synleggjere dialog med kommunen/kommunane der omsøkte tiltak gjeld. Då til dømes i form av e-postdialog og/eller kort uttale frå kommunen som skal leggast ved søknaden.
Varigheit og utbetaling av tilskot
- Midlane må nyttast i inneverande år (2025), og utbetalast etter at utgiftene er dokumentert. Ein kort rapport som skildrar tiltaket med foto (som synleggjer før, under og etter, der det er relevant) og kostnadsoverslag må leverast innan 10. februar 2026.
- Det vil vere mogleg å søke om utsett frist, men dette må grunngjevast i god tid før fristen går ut. Dersom tiltaka ikkje vert gjennomført, eller det ligg føre vesentlege avvik, skal tilskotsmidlane førast attende til postvegprosjektet.
Har du spørsmål om søknaden, kan du kontakte oss: