Ungdomsrådet har vedteke sin eigen handlingsplan 2024-2027

Sunnfjord har eit aktivt ungdomsråd, og i siste møte før sommerferien vedtok dei sin eigen handlingsplan for 2024–2027.  Handlingsplanen viser viktige satsingsområde for ungdomsrådet og tiltak dei vil arbeide for. 

Handlingsplan for ungdomsrådet 

I september 2023 byrja ungdomsrådet å jobbe med ein handlingsplan for arbeidet dei skal gjere. Dette er første gong dei lagar ein slik plan. Målet er at han skal hjelpe dei med å styre arbeidet sitt betre, sjølv når nye medlemmar kjem til kvart år.

Handlingsplanen er laga for ungdom, og ungdomsrådet har leia arbeidet. Det var òg viktig å høyre kva andre ungdommar i kommunen meiner.

Sjå ungdomsrådet sin handlingsplan 2024–2027


Høgdepunkt frå planarbeidet 

  • Medverknadsprosessen (november–januar) 
    Ungdomsrådet laga spørsmål for å få innspel til planen. Elevråda på ungdomsskulane og Førde vidaregåande skule gjennomførte verkstad og sende inn sine innspel. Spørsmåla vart òg lagt i eit elektronisk skjema med oppmoding om at alle ungdommar i kommunen,  og det var 402 som svara på undersøkinga. Ungdomsrådet fekk mange gode forslag til kva som er viktig for ungdom, og svara vart oppsummerte i Medverknadsrapport 26.03.2023
     
  • Utveljing av satsingsområde (februar–april) 
    Ungdomsrådet fekk presentert nøkkeltal frå mellom anna Ungdata om ungdommar i Sunnfjord. Dei fekk òg presentert medverknadsrapporten. Basert på dette hadde ungdomsrådet eit gruppearbeid for å velje satsingsområde i møtet 8. april. Dei ulike gruppene skulle velje 5 mål i prioritert rekkefølge.  Basert på gruppearbeidet vart desse satsingsområda prioriterte i planen: 
    • Gode møteplassar for ungdom
    • Eit godt transporttilbod
    • Ein god skulekvardag
    • Kjekke fritidsaktivitetar
    • Styrke ungdomsmedverknad 
  • Vedtak av handlingsplanen 3. juni 2024
    Basert på medverknadsrapporten og gruppearbeidet i ungdomsrådet vart det laga eit første utkast til handlingsplan med satsingsområde og tiltak. Dette vart presentert for ungdomsrådet i møte 21. juni. Ungdomsrådet vart delt inn i grupper og kom med innspel til endringar og tillegg om tiltaka under dei 5 satsingsområda. Innspela vart tatt med arbeidet for å ferdigstille handlingsplanen.  I møte 3. juni vedtok ungdomsrådet handlingsplanen. 
     

Ungdomsrådet vil takke alle som bidrog med gode innspel til planen og vil arbeide for å realisere tiltaka! 

Sunnfjord kommune