TV-aksjonen, Sunnfjord 2024

Årets TV-aksjon er sundag 20. oktober og går til Barnekreftforeninga. 

 

TV-aksjonen sitt vippsnummer: 2133  og kontonummer: 8380 08 09005

Det blir registrert i heimkommunen din nå du vipsar eller overfører sidan anktransakjonen har sporing.

Fleire har oppretta digitale bøsser i Spleis

 

​Sjå TV-aksjonen si offisielle nettside

Aksjonskomiteen 2024

Linda Hafstad, Atle Hamar, Jenny Følling, Håkon Myrvang, Anne Lilleaasen og Henrik Nordal.

For pengane skal Barnekreftforeninga etablere familiehus

Annakvar dag får eit born i Noreg kreft, og kvar veke blir 11 born fødde med hjartefeil. Når eit born blir alvorleg sjuk, råkast heile familien.

For pengane frå TV-aksjonen skal Barnekreftforeninga etablere familiehus i nærleiken av universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Oslo og Bergen. Her skal born med alvorleg sjukdom og deira familie lett kunne bevega seg mellom sjukehuset og familiehuset. På den måten kan heile familien vera samla, finne ro og leve eit meir normalt kvardagsliv i ein vanskeleg situasjon.

Aktivitetar ved skulane i kommunen

 Fleire skular og nokre barnehagar i kommunen har ulike aktivitetar som stafett og basar.  

  • Holsen skule og barnehage
  • Vassenden skule
  • Sande skule
  • Sunde skule
  • Halbrend skule
  • Førde ungsdomsskule.
  • Halbrend barnehage

 

Fleire  av skulane har oppretta digitale bøsser i Spleis

Barn som spring foto M365 - Klikk for stort bilete

Stand ved lokale handelspunkt i aksjonshelga

Aksjonshelga vil du møte medlemmar frå Sunnfjord kommunestyre og nærmiljøråda på stand ved tolv ulike lokale handelspunkt rundt om i kommunen vår. 
 

Engasjert næringsliv

30. september hadde næringslivet ha sin årlege ringedugnad.  Det blei samla inn rekord høgt beløp, 460 000 kroner.  I år var det Norconsult som var vertskap for ringedugnaden. 

Innsamlinga i Sunnfjord

I Sunnfjord kommune blir det i hovudsak digital innsamling gjennom Vipps og bankkontonummer i tillegg til aktivitetane ved skulane, standa og næringslivet sin aksjon. Det brukar ikkje å vere dør til dør aksjon med bøsser. Du vil få ein SMS frå Sunnfjord kommune 20. oktober med oppmoding om å støtte TV-aksjonen.

 

#tvaksjonensunnfjord

Kontakt

Profilbilde av Jenny  Følling
Jenny Følling
Ordførar
E-post
Telefon 57 61 27 03
Mobil 47 90 59 90