Tilskot til trafikktryggingsaktivitetar 2025

To gongar om året deler Vestland fylkeskommune ut tilskot til aktivitetar og prosjekt som fremmar trafikksikker åtferd blant trafikantane. Søknadsfrist/frist for andre tildeling er 1. september 2025.

Tre syklistar på sykkelsti, bilar på parkeringsplassen på venstre sida og bilar på vegen på høgre sida - Klikk for stort bilete Oskar Andersen

Kva er målet med ordninga

Tilskotsordninga skal bidra til at fleire trafikantar har ei trafikksikker åtferd.

Kven kan søke

  • kommunar
  • helsestasjonar
  • skular og barnehagar (inkludert FAU)
  • lag og foreiningar
  • organisasjonar
  • institusjonar
  • aksjonsgrupper
  • kommunale medverknadsorgan (råd for menneske med nedsett funksjonsevne, eldreråd, ungdomsråd e.l.)

 

Ordninga gjeld innanfor Vestland fylke. Landsomfattande organisasjonar kan ikkje bli tildelt midlar sentralt. 

Kva kan du få tilskot til

Det kan søkjast om tilskot til aktivitetar og prosjekt som bidrar til god åtferd i trafikken. Dette inkluderer mindre investeringar som er naudsynte for gjennomføringa av aktivitetar og prosjekt, eller som vil bidra til eit større utbyte av desse.

Ei rekke typar tiltak fell inn under omgrepa aktivitetar og prosjekt, til dømes haldningsskapande tiltak, informasjonstiltak, trafikkopplæring, arrangement, kampanjar, aksjonar, pilot- og prøveprosjekt, med meir. 

Prosjekt kan til dømes vera vidareutvikling og utprøving av nye tiltak, utvikling av ny kunnskap og nye samarbeidsformer, med meir. For å verta tildelt prosjektmidlar er det ein føresetnad at erfaringane frå prosjekta kan delast med andre i etterkant.

Søknadsfrist

Tilskotsordninga har to årlege tildelingar med kvar sin søknadsfrist

  • Frist for 2. tildeling i 2025 er 1. september 2025.

Les meir om ordninga og send søknad