Tidlegstemmeperioden har starta

Dei som ikkje kan stemme på valdagen eller i førehandsstemmeperioden, kan tidlegstemme frå 1. juli til 8. august.

Kvar du kan førehandsstemme

I Sunnfjord kommune kan du tidlegstemme på tenestetorget i Sunnfjord rådhus (Hafstadvegen 42, 6800 Førde).

Om du vil tidlegstemme må du kontakte sentralbordet og avtale tidspunkt på førehand.

Sentralbordet, telefon: 57 72 20 00
 


  • Hugs gyldig legitimasjon! 

    Du må ha med legitimasjon når du skal stemme. Møter du opp i vallokalet uten legitimasjon og du er ukjent for stemmemottakar, får du ikkje stemme. Legitimasjon må ha bilde, fult namn og fødselsdato. Døme: pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde. 

 


  • Sametingsvalet

    Du kan førehandsstemme til sametingsvalet i dei same vallokala for stortingsvalet.

    Om du er manntalsført og vil stemme ved sametingsvalet må du kontakte ein valmedarbeidar i vallokalet for å få utlevert stemmesetlar. 

    Sjå meir informasjon om sametingsvalet på Sametinget sine nettsider.