Terje Guddal til minne

Sunnfjord kommune har mista ein god kollega og ven.  Kommunen si rekneskap og lønseining har mista sin kjære leiar. Terje var omtykt av dei alle. Vi tenker sjølvsagt på dei næraste som har mista Terje og som sit att med eit sårt sakn.
 

Terje Guddal - Klikk for stort bileteTerje Guddal Reiakvam

Terje byrja i Førde kommune som rekneskapssjef  5. januar 1998.  I januar 2005 vart han også  rekneskapssjef for kommunane Gaular og Naustdal.

Frå 1. januar 2020 vart han leiar for eininga rekneskap og løn i nye Sunnfjord kommune. Han var alltid positiv til nye arbeidsmåtar og var ein pådrivar for interkommunalt samarbeid.  Under hans leiing utvikla rekneskapseininga seg til å bli eit føredøme for andre kommunar.

Som leiar for eininga rekneskap og løn har han vore ein fagsterk leiar.  Då vi for kort tid sidan forhandla om ny hovudbankavtale, opplevde eg ein som var tru, grundig og ærleg på det vi var ute etter.  

Terje var med å bygge opp Førde kommune si rekneskapsavdeling til ei interkommunal rekneskapsteneste.  Det gjorde han på ein måte som gav han både autoritet og integritet.  Eg har fått fleire helsingar i det siste som fortel at andre som arbeider med økonomi og reknskap sat Terje høgt. I ei av helsingane står det at han var ein stor kapasitet på kommuneøkonomiområdet.

Det var og ei anna  side med Terje Guddal som fagperson.  Ei side som fortel om ikkje berre fagpersonen, men menneske Terje Guddal.  Det er dei som ikkje er i stand til å betale rekningane sine innan forfall.  Heller ikkje dei til kommunen.  Terje såg dei. Han talde dei ikkje. Han såg dei. Gjennom arbeid i forliksråd, i innkrevjing, og på andre måtar, sørga Terje for at betalingar skjedde, men kanskje mest viktig for han, han fekk hjelpe nokon. Slik var Terje innkrevjaren som såg menneske først -og meir – enn ein ubetalt faktura.

Ein av dei som fekk slik hjelp av Terje, har sendt oss ei melding. Der kan vi lese:
«Du fekk meg til å føle meg god nok. Du fekk meg til å gråte og le samtidig.  Du gav meg trua på meg sjølv. Om vi berre kunne stanse tida, sjå deg att, glede oss over små ting med denne unike optimisme, krydra meg godt humør. Då ville eg vore glad. Eg skal ta vare på minnet om deg langt nede i djupet av mitt hjarte  - med respekt og sorg.» Slik hjalp Terje mennesker.

I dei  snart to åra eg har hatt gleda av å arbeide saman med han, har eg lært han betre og betre å kjenne.  Det har sanneleg ikkje vore vanskeleg.  Det er fordi Terje alltid bydde på seg sjølv. 
Og det var kanskje måten han gjorde det på – som auka vår eiga lyst til å få vite meir om Terje sine prosjekt.  Ja, for prosjekta var i fleirtal. Anten det handla om traktor, båt, hytte, bil, veteranbil, drenering på garden, fiske, skogsarbeid og så mykje mykje meir. Korleis skifte ei registerreim? Han gjorde det sjølv.

Og kva var så denne måten han gjorde det på. Jau, han roterte gjerne plasseringa si i lunsjen, slik at han fekk nye sidemenn eller kvinner for å vise kva han hadde av nye prosjekt.  Han hadde jo bilete av alt på telefonen.  

Og fredag før den tragiske laurdagen var nett ein slik lunsj. Eg hadde ein sein lunsj grunna fleire møte.  Eg kom seint i kantina, men der sat Charles og Terje, og eg sat meg ned med dei.
Vi snakka om kva vi skulle bruke helga til.  Terje skulle jobbe i skogen.  men så var han så kry over kva han ville gjere med huset på garden.  Fram med telefonen, viste teikningar over tilbygg og endringar.  Nye høge stoveglas som ville sleppe lyset inn både i stove og soverom.  Det skulle bli så fantastisk å møte morgonane på ein slik måte.  Vi åt oss ferdig og ønskja kvarandre ei god helg. Denne runda med telefonen og visningar av bileta, ja, den hadde han gjerne fleire rundar med i etasjane på rådhuset.

Neste dag arbeidde Terje i skogen. Det gjekk so galt det gjorde. Terje gjekk ut av tida.  Det er inga trøyst, men det er likevel ei lette, å tenke på at då Terje brått vart reven frå oss, Då heldt han på med det som han likte best av alt. Eit av prosjekta sine. Han døydde der han trivst best. Skulle han velje ein post, så var han på den.

Det var brannmannskapet på Sande som kom først til ulykkesstaden – og som gjorde alt som stod i deira makt for eit anna utfall. Eg seier ikkje det for å snakke om kommunale tenester i minneordet.  Eg seier det i Terje si ånd.  Han var sjølv overbefal i Førde brannvesen i mange år og visste så inderleg vel kva som vart krevd i vanskelege situasjonar.  Dette var ein slik situasjon.
På vegner av Sunnfjord kommune ønskjer eg Terje Guddal den beste kvilen.

Terje Heggheim
Kommunedirektør