Temaplan for landbruk

Kommunestyret vedtok 25. september temaplan for landbruk.

Innleiing 

Sauebønder - Klikk for stort bilete

I grøderike dalar under breen har jorda i Sunnfjord vore lun og lett å dyrke heilt sidan folk først slo seg ned her. Langs det rennande vatnet røyste vi gardar og bygde grender. Åkrane kring tuna var små og teigdelte, men dalane og viddene var endelause. 

Vi kunne dyrke korn og halde husdyr. 

Slik kom husdyrhaldet og mjølkebruka til å bli berebjelken i landbruket i Sunnfjord, den største landbrukskommunen i Vestland. 

Natt og dag finn vatnet vegar frå bre til fjord. Natt og dag vaktar bøndene over kyr som skal kalve, gras som skal spire. Avlinga må bergast i hus før regnet kjem, sauene må hentast i fjellet før snøen fell. 

Klimaendringane er blitt ein del av arbeidskvardagen, både i skogen, på bøen og framfor skjermen. I tillegg kjem nye krav til fjøsane og nye krav til maskinene. Ein nabo gir seg i år, ein nabo gav seg i fjor. 

Natt og dag renn arbeid og ansvar gjennom bonden, gjennom nevane og gjennom tankane. 

Landbruket står framfor store utfordringar og krav til omstilling, men utfordringane gjeld ikkje for landbruket aleine. Klimaendringar, naturtap, internasjonal uro og usikre forsyningslinjer vedkjem oss alle. Å sikre nok og trygg mat til befolkinga er landbruket sitt samfunnsansvar, men kva vilkår skal gjelde for bonden si samfunnskontrakt? 

kyr Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete

Gjennom temaplan landbruk vil vi samle dei som ønskjer å medverke til å utvikle ei livskraftig landbruksnæring i Sunnfjord framover. Saman skal vi arbeide for at vi skal ha ei berekraftig og mangfaldig landbruksnæring, ei næring som vil halde fram med å forgreine seg i form av livskraftige bygdesamfunn, arbeidsplassar, beredskap, verdiskaping, opplevingar og tryggleik. 

Så samansette og avgjerande er oppgåvene landbruket løyser i sunnfjord-samfunnet. 

Temaplanen svarar på eit tverrpolitisk ynskje om å sikre eit landbruk som kan halde fram å levere slike verdiar for fellesskapen vår. Difor legg planen opp til å synleggjere desse verdiane, formidle kunnskap om korleis dei vert skapte og setje denne verdiskapinga inn i ein større samanheng på tvers av næringar og sektorar.

Les heile temaplan for landbruk

Kontakt

Profilbilde av Joar Helgheim
Joar Helgheim
Einingsleiar
Telefon 57 72 61 21
Mobil 99 20 26 64

Arbeider med deling etter jordlova, konsesjon og vilt.

Oddmund Klakegg
Telefon 57 72 61 05
Mobil 99 20 26 61
Oddbjørn Kåre Sellevoll
Fagkoordinator landbruk
Telefon 57 61 27 23
Mobil 90 53 35 09

Arbeider med skogbruk, landbruksveg, vilt og framande artar.