Tale ved minnestøtta på Bringeland den 8. mai 2024

Gratulerer med frigjerings- og veterandagen.

Ordførar og veteranar ved minnestøtta 8. mai - Klikk for stort bileteOrdførar og veteranar ved minnestøtta 8. mai Sunnfjord kommune

Det er med stor respekt og i djup takksemd eg på vegne av Sunnfjord kommune vil legge ned ein krans ved minnebautaen på Bringeland.

Det er 79 år sidan desse luftkampane utspann seg, og ei hending som vert omtala som «Den svarte fredagen». Norge var eit land i krig då. Desse gjorde ein heroisk innsats, og vil alltid stå i historia som heltar. Vi står i gjeld til dei, og deira familiar. Vi må ikkje gløyme det dei falne ofra i dette fryktelege luftslaget. 

Minnesmerke vart reist i 1985 til minne om 14 falne pilotar og navigatørar i luftkampen i Dalsfjorden og Førdefjorden den 9. februar 1945. Dei ofra alt og gav livet for vår fridom.

Det er viktig for Sunnfjord kommune å minnast og ære dei som omkom i slaget, og familiane deira. Det er viktig å ha tradisjonar som er med å hjelpe oss å hugse kva som skjedde.

For det slaget som vi minnest her var som mange andre slag, blod, sveitte og tårer, og for oss så førte til slutt fram til siger og fred den 8. mai 1945. 

Dei siste to åra har dessverre krig kome tettare inn på liva våre. Fullskala krig i Europa, der Russland har angripe Ukraina, så kjem våre vonde opplevingar frå 1940-45 fram. Vi opplever angrepskrig på nytt, og kva det betydde at vi hadde allierte som bidrog til at vi kan vere eit fritt og sjølvstendig land. Det viser kor viktig at vi stiller opp når andre treng det. 

Eg er også stolt over at vi minnast historia og dei som gav livet den gong for vår fridom.
Minnetavla på Førde Lufthamn, Bringeland og Luftkampmuseet på Hogjen i Naustdal er ei påminning til oss og til komande slekter - om dei som var på tokt i framand land, langt heimanfrå. Luftslaget skjedde berre tre månader før krigen tok slutt. 

Det er store avstandar mellom Sunnfjord, England, Australia, Canada og New Zealand. Vi snakkar ikkje same språk, vi har ulik kultur, men vi er menneske av kjøt og blod med følelsar og kjærleik til våre familiar. 

Vi er svært takksame for den støtte Norge fekk i den tida vi var eit okkupert land, og vi ønskjer å heidre dei som måtte betale den høgste prisen. Vi vil alltid heidre deira minne. 
I år er frigjeringsdagen meir aktuell enn på lenge. Ingen kan ta fridom for gitt. Det siste året har vi blitt kraftig minte på kor brutalt krig er. Brutale bilde rulla over TV-skjermen. Å busette flyktningar og ta vare på folk som vert fordrivne frå det krigsherja land er vå forplikting. 

Fred og ikkje er vunne ein gong for alle - men er noko vi må halde vakt om og nedkjempe. Vi må alltid ta vare på dei norske verdiane og verne om på fridommen. Den kan vi ikkje ta for gitt. Det har vi dessverre fått handfaste bevis på i Ukraina, i Midøsten, i Sudan.

I dag vil vi heidre dei som ga sitt livet for vår fridom. Vi er takksame for all den hjelp landet vårt fekk under den 2. verdskrig 1940 – 1945. Og eg vil takke alle som har tenestegjort i Norge, og dei som har deltaking i internasjonale operasjonar.

Ordførar
Jenny Følling

Ved minnesmerket for 8. mai  - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Kontakt

Profilbilde av Jenny  Følling
Jenny Følling
Ordførar
E-post
Telefon 57 61 27 03
Mobil 47 90 59 90