Takk til Førdefestivalen

Førdefestivalen 2024 vart ein suksess med høgdepunkt på rekke og rad. Nokre fantastiske dagar i juli med musikk frå heile verda!

Årets tema var Røter og føter

Ei gullrekke artistar frå mange kulturar gav magiske opplevingar. Det same gjorde festivalturen i Oldeskaret.
Takk til både tilsette, frivillige, samarbeidspartnarar og artistar for dykkar store innsats som gav publikum mange gode opplevingar. Førdefestivalen er noko meir enn dagar med musikk i Førde. Førdefestivalen bidreg til samfunnsutviklinga i regionen vår.

Førdefestivalen set ikkje berre Førde på kartet, den byggjer identiteten til oss som bur her. Når den i tillegg tek i bruk både sentrum, grender, fjell og bøar, ja, då byggjer den både sunnfjordingen og førdianaren.

Måndag etter festivalen inviterte vi dei som kunne i festivalleiinga til lunsj på Sunnfjord hotell.
Som professor Paul Otto Brunstad sa på Førdekonferansen: "Eit samfunn utan kunst og estetikk er eit livsfarleg samfunn."

 På vegner av kommunen og oss alle takka og gratulerte ordførar Jenny Følling. 

Festivalleiinga står med blomsterbukettar utanfor Sunnfjord hotell. Fotograf Sunnfjord kommune. - Klikk for stort bilete